Hopp til innhald

MSB209 Avansert metode og forskningsdesign

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje kunnskap om forskingsdesign og metode som skal forberede studentane til å gjennomføra eit sjølvstende forskingsarbeid - masteroppgåva. I emnet inngår grunnleggjande kunnskapar om vitskapsteori, forskingsdesign og innføring i kvalitative og kvantitative metodar. Emnet skal gje innsikt i sentrale vitskapsteoretiske problemstillingar og kople dette opp mot vitskaplege metodar og metodeval. I denne delen inngår også etikk og refleksjonar knytt til forskingsetiske val og personvern. Studentane skal få innsikt i korleis utarbeida eit forskingsdesign (forskingsproblem, utvalsstrategi og val av metode) Studentane får innføring i ulike metodar innan kvalitativ forsking, som etnografi, observasjon, intervju og intervjuteknikkar og kva som skapar grunnlag for forskingskvalitet i kvalitativ forsking. Det blir også gitt innsikt i casestudie-forsking. Vidare får studentane innføring i kvantitative metodar, som inkluderer deskriptiv analyse, estimering, regresjonsanalyse og hypotesetesting. Studentane skal og få kunnskap og praktisk forståing for forskingskvalitet (reliabilitet og validitet) innan kvantitativ forsking.

Kurset utgjer ein del av Master in Business (MSB) - profil Campus Bergen: Leiing og innovasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Ved gjennomførd kurs har studenten:

  • avansert kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar og korleis desse er relatert til val av metodar og gjennomføring av forskingsprosjekt
  • kunnskap om forskingsetikk, inkludert datahandtering og personvern
  • avansert kunnskap om korleis utarbeida eit forskingsdesign til eit sjølvstende forskingsarbeid
  • inngåande kunnskap om sentrale metodar og teknikkar innan kvalitativ og kvantitativ forsking
  • kunnskap om korleis førebu, organisera og skrive ei masteroppgåve innanfor 30 ECTS

Ferdigheitar

Ved gjennomførd kurs kan studenten:

  • utarbeida og gjennomføra datainnsamling og kritisk evaluera ulike datakjelder
  • anvende sentrale metodar og teknikkar innan kvalitativ forsking.
  • vurdere validitet, styrkar og svakheiter i eit kvantitativt forskingsdesign
  • utarbeide og gjennomføre eit sjølvstende forskingsarbeid knytt til private eller offentlege organisasjonar som undersøkelsesobjekt og anvende kunnskap frå andre deler av programmet i analysen av organisasjonen(e).
  • vurdera ontologiske og epistemologiske argumenter på kunnskapsstatus i ein gitt kontekst
  • analysere litteratur og gjennomføre en litteraturgjennomgang

Generell kompetanse

Ved gjennomførd kurs kan studenten:

  • systematisera, anvende og kritisera vitskapsbasert litteratur
  • utarbeida og gjennomføra eit sjølvstende forskingsarbeid fundert i vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap
  • delta i større forskingsprosjekt eller konsulentarbeid innanfor området organisasjon og leiing med vekt på programmets fokus på teknologi og innovasjon
  • anvende kunnskap om forskingsdesign og metode og kritisk vurdera høvelegheita til ulike forskingsdesign og metodar for konkrete forskingsprosjekt
  • kommunisera relevante tema til både ekspertar og lekfolk og vita når annan kompetanse er nødvendig og kor den kan finnes
  • analysera etiske utfordringar i forsking

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fullført 1 og 2 semester

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga består av førelesningar og praktiske øvingar i vitskapsteori og kvalitativ metode, inkludert case-studieforsking. Studentane er forventa å vere aktive i undervisninga gjennom å stille spørsmål, delta i gruppe- og plenumsdiskusjonar, svare på spørsmål og å vise evne til kritisk refleksjon over fagstoffet.

Studentane skal delta i gruppearbeid og presentere munnleg eller skriftlege resultat av gruppearbeid i vitskapsteori, kvalitativ metode og case-studieforsking. Studentane kan også få tilbod om å delta på eit studentaktivt seminar i kvantitativ metode. Kurse vil også inkludere eit seminar utanfor HVL.

Masterprogrammet i Science of Business inkluderer eit kurs i akademisk skriving (2,5 ECTS) med eit obligatorisk arbeidskrav.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for at kandidaten kan framstilla seg til eksamen:

Delta i gruppearbeid i vitskapsteori og levere ei skriftleg innlevering

Delta i gruppearbeid i kvalitativ metode og gjennomføra ein munnleg presentasjon

Delta i gruppearbeid i casestudieforsking og levera ei skriftleg innlevering

Levera prosjektskisse i metode og forskingsdesign

Levera skriftleg rapport i akademisk skriving

Deltaking på eventuelt tilbod om studentaktivt seminar i kvantitativ metode er frivillig

Godkjende arbeidskrav er gyldige i eksamenssemesteret og 3 påfølgjande semester

Vurderingsform

Skriftleg digital heimeeksamen, 6 timar.

Karakterskala er A-F, kor F er stryk.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel