MSB209 Avansert metode og forskningsdesign
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje kunnskap om forskingsdesign og metode som skal forberede studentane til å gjennomføra eit sjølvstende forskingsarbeid - masteroppgåva. I emnet inngår grunnleggjande kunnskapar om vitskapsteori, forskingsdesign og innføring i kvalitative og kvantitative metodar. Emnet skal gje innsikt i sentrale vitskapsteoretiske problemstillingar og kople dette opp mot vitskaplege metodar og metodeval. I denne delen inngår også etikk og refleksjonar knytt til forskingsetiske val og personvern. Studentane skal få innsikt i korleis utarbeida eit forskingsdesign (forskingsproblem, utvalsstrategi og val av metode) Studentane får innføring i ulike metodar innan kvalitativ forsking, som etnografi, observasjon, intervju og intervjuteknikkar og kva som skapar grunnlag for forskingskvalitet i kvalitativ forsking. Det blir også gitt innsikt i casestudie-forsking. Vidare får studentane innføring i kvantitative metodar, som inkluderer deskriptiv analyse, estimering, regresjonsanalyse og hypotesetesting. Studentane skal og få kunnskap og praktisk forståing for forskingskvalitet (reliabilitet og validitet) innan kvantitativ forsking.
Læringsutbytte
Kunnskap
Ved gjennomførd kurs har studenten:
- avansert kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar og korleis desse er relatert til val av metodar og gjennomføring av forskingsprosjekt
- kunnskap om forskingsetikk, inkludert datahandtering og personvern
- inngåande kunnskap om sentrale metodar og teknikkar innan kvalitativ og kvantitativ forsking
- avansert kunnskap om korleis utarbeida eit forskingsdesign til eit sjølvstende forskingsarbeid
Ferdigheitar
Ved gjennomførd kurs kan studenten:
- utarbeida og gjennomføre datainnsamling og kritisk evaluere ulike datakjelder
- anvende sentrale metodar og teknikkar innan kvalitativ forsking.
- vurdere validitet, styrkar og svakheiter i eit kvantitativt forskingsdesign
- utarbeide og gjennomføre eit sjølvstende forskingsarbeid knytt til private eller offentlege organisasjonar som undersøkelsesobjekt og anvende kunnskap frå andre deler av programmet i analysen av organisasjonen(e).
Generell kompetanse
Ved gjennomførd kurs kan studenten:
- utarbeida og gjennomføre eit sjølvstende forskingsarbeid fundert i vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap
- delta i større forskingsprosjekt eller konsulentarbeid innanfor området organisasjon og leiing med vekt på programmets fokus på teknologi og innovasjon
- anvende kunnskap om forskingsdesign og metode og kritisk vurdera høvelegheita til ulike forskingsdesign og metodar for konkrete forskingsprosjekt
- vurdere og reflektere over etiske utfordringar i forsking
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Fullført emner som går på 1 og 2 semester
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga består av førelesningar og praktiske øvingar i vitskapsteori og kvalitativ metode, inkludert case-studieforsking. Studentane er forventa å vere aktive i undervisninga gjennom å stille spørsmål, delta i gruppe- og plenumsdiskusjonar, svare på spørsmål og å vise evne til kritisk refleksjon over fagstoffet.
Studentane skal delta i gruppearbeid og presentere munnleg eller skriftlege resultat av gruppearbeid i vitskapsteori, kvalitativ metode og case-studieforsking. Studentane kan også få tilbod om å delta på eit studentaktivt seminar i kvantitativ metode.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for at kandidaten kan framstilla seg til eksamen:
Delta i gruppearbeid i vitskapsteori og levere ei skriftleg innlevering
Delta i gruppearbeid i kvalitativ metode og gjennomføra ein munnleg presentasjon
Delta i gruppearbeid i casestudieforsking og levera ei skriftleg innlevering
Levera prosjektskisse i metode og forskingsdesign. Prosjektskissa skal skrivas i grupper på to (2) studentar (normalt same gruppe som skal skrive masteroppgåva saman) og skal ha eit omfang på ca. 3000 ord.
Deltaking på eventuelt tilbod om studentaktivt seminar i kvantitativ metode er frivillig
Godkjende arbeidskrav er gyldige i eksamenssemesteret og 3 påfølgjande semester
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 timar.
Karakterskala er A-F,
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate
Meir om hjelpemiddel