NAB3006 Kystnavigasjon for kadettfarledsbevis
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kurset er fokusert rundt kystseglas langs norskekysten. Kurset følgjer eit modellkurs godkjent av Kystverket, og gjev grunnlag for at kandidatane kan søkje kadettfarledsbevis.
Det vil vere ein eigenandel på emnet. Nærare informasjon vil bli gitt.
NAB3006 er eit valemne, og dette er eit emne som skal gå studieåret 2023/2024. For seinare år kan valemnetilbodet endre seg, og det er ikkje gitt at dette valemnet vil bli gitt då.
Læringsutbytte
- Kunnskap:
- Kan gjere rede for regelverk som regulerer farledsbevis, sjømerker, fyrkarakterar og sjøkartinformasjon.
- Ferdigheitar:
- Kan bruke peilingar, radar, ECDIS, farledsoppmerking, klareringsavstand og parallellindeksar i samband med kystnavigasjon.
- Generell kompetanse:
- Kan planleggje og gjennomføre kystseglas på simulator.
Krav til forkunnskapar
NAB1026 Navigasjon I, NAB1027 Navigasjon II og NAB2014 Navigasjon III, eller tilsvarande.
Merk: Talet på plassar er avgrensa i dette faget, og faget er berre ope for 3. års studentar som følgjer nomal studieprogresjon. Søknad om plass skjer gjennom Studentweb innan ein nærare sett frist. Rangering av søkjarar skjer på grunnlag av gjennomsnittskarakter i faga som er forkunnskapskrav, og deretter loddtrekning.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og simulatorøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
100% godkjent gjennomførte simulatorøvelser.
Merk: Ein føresetnad for å få gjennomføre simulatorøvingar, og dermed få godkjent arbeidskrav, er at ein må ha skaffa sjøkart 21 og 23, oppdatert til siste retting.
Vurderingsform
Praktisk/munnleg eksamen. Bestått / ikkje bestått.
Merk: Eksamen består av planlegging av seglas og deretter praktisk gjennomføring av seglasen på simulatoren. Dersom kandidaten ikkje består planlegginga, vil dette automatisk føre til at eksamen ikkje er bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Parallellforskyvar og stikkpassar.
Meir om hjelpemiddel