Hopp til innhald

NAB3040 Maritim Helse, Miljø og Sikkerheit

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane ei innføring i ulike aspekt ved helse, miljø og sikkerheit (HMS) om bord og i reiarlaga, irekna å forstå korleis arbeidet med HMS er eit organisatorisk verkemiddel for forsvarleg drift av fartøy.

Emnet dekkjer tema som:

  • sikkerheitsleiing
  • beredskapsleiing
  • arbeidsmiljø
  • risiko
  • ytre miljø

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Studenten har kunnskap om teoriar og modellar knytt til sikkerheits- og beredskapsleiing.
  • Studenten har kunnskap om metodar for risikoanalyse.
  • Studenten har kunnskap om faktorar i arbeidsmiljøet og konsekvensar for arbeidstakaren si helse, trivsel og velferd dersom dei vert utsett for uheldige fysiske og psykiske belastningar.
  • Studenten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet HMS.
  • Studenten har kjennskap til lov- og regelverk innan HMS.

Ferdigheter:

  • Studenten kan bruke verktøy og metodar for å jobbe systematisk med HMS-arbeidet.
  • Studenten kan reflektere rundt eigen fagleg utøving i eit HMS-perspektiv.
  • Studenten kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff.
  • Studenten kan anvende fagleg kunnskap og relevante resultatet frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske problemstillingar relatert til HMS.

Kompetanse:

  • Studenten har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar knytt til HMS-arbeid.
  • Studenten kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar.
  • Studenten kan planleggje og gjennomføre arbeidsoperasjonar der omsynet til HMS er vurdert.
  • Studenten kan bidra til utvikling av god HMS-praksis i reiarlaga.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og gruppearbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ein skriftleg innlevering med munnleg presentasjon. Studentar som ikkje består arbeidskravet får ikkje ta den skriftlege eksamenen.

Vurderingsform

Eksamen består av mappeeksamen (vektes 40 %) og skuleeksamen (vektes 60 %).

I mappeeksamen vil to mappeelement bli vurderte, og begge elementa må beståast for at mappa skal få bestått.

Begge eksamenane må òg beståast for å få bestått, men ved stryk treng ein berre å ta opp igjen den eksamenen ein har stroke på.

Eksamen kan gjennomførast digitalt.

Karakterskala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Mappeeksamen: Alle hjelpemiddel tillatne

Skoleeksamen: Kalkulator

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB2013 - Tryggleiksleiing - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NABP3005 - Helse, arbeidsmiljø og sikkerheit - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • EVN1017 - Innføring i risikoforståing av kjemikalier om bord på skip - Reduksjon: 1,5 studiepoeng
  • EVN1018 - Innføring i fysisk helserisiko i maritim næring - Reduksjon: 1,5 studiepoeng