NABP2001 Maritim teknologi
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet dekker relevante regelverkskrav i STCW med tillegg, tabell A-II/1 og A-II/2. I emnet får studentane kunnskap om maskineri, maskinrom system og teknisk skipsutstyr i et berekraftig perspektiv og kor det grøne skiftet i maritim næring står sentralt. Studentane får innsikt i miljøvennlege framdriftssystem og energiberarar. Emnet gir innføring i cybersikkerhet og andre problemstillingar som oppstår som følge av aukande grad av digitalisering. I tillegg lærer studentane om kontinuitetslikninga, Bernoullis likning, strøyming i røyr og krinsprosessar. Dei får innsikt i kompressorar, røyr- og pumpekarakteristikk og driftspunkt.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten
- Forstår korleis maritime motorar er bygd opp og kordan desse fungerer.
- Har brei kunnskap om ulike framdriftssystem og kor berekraftige desse er.
- Har brei kunnskap om operasjon og drift av skip og motoranlegg, samt kuldeanlegg og hydrauliske system.
- Har brei kunnskap om cybersikkerhet og aktuelle problemstillingar knytt til digitalisering om bord i skip.
- Har brei kunnskap om termodynamiske prosessar.
- Forstår korleis termodynamiske faktorar og strøyming kan påverke last og lasteoperasjonar.
Ferdighetar:
Studenten
- Kan gjennomføre bunkerskalkulasjon, kuldetekniske og hydrauliske utrekningar.
- Kan bruke kontinuitetslikninga og Bernoullis likning i utrekningar og gjennomføre kalkulasjonar ved hjelp av energilikninga.
- Kan rekna på termodynamiske krinsprosessar for turbinar, kompressorar, kjølemaskinar, varmepumper og motorar.
- Kan rekna på trykktap og vurdere røyr- og pumpekarakteristikkar som grunnlag for driftspunkt og regulering.
- Kan nytta informasjon om klimatiske forhold, temperatur og luftfukt for å vurdere luftkvalitet i eit lasterom.
- Kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid og treffe grunngjevne val, for eksempel knytt til ressursbruk ved drift av skip.
Generell kompetanse:
Studenten
- Kan formidle sentralt fagstoff skriftleg og munnleg.
- Kan utveksle synspunkt om tekniske problemstillingar om framdrift og lasthandsaming, samt relevante erfaringar, med maskinistar og andre om bord, og bidra til utvikling av god praksis.
- Kjenner til nytenking og innovasjon innan varme- og strøymingslære og marint maskineri.
- Har innsikt i relevante utfordringar relatert til digitalisering og grønt skifte i maritim næring.
- Faget dekker relevante IMO krav som skildra i STCW 78 as amended, tabell A-II/1 og A-II/2.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
NAB1001 Fysikk og NABP1002 Matematikk eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, rekneøvingar, eventuelle ekskursjonar, eigenstudium og individuell og gruppebasert studentaktivitet.
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege arbeidskrav. Begge må være godkjent for å ta eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 5 t, 100 %
Gradert karakter, A-F.
Skriftleg eksamen kan gjennomførast elektronisk.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjent kalkulator Casio fx-991EX, Teknisk formelsamling med tabeller (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen).
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NAB2011 - Varme- og strøymingslære - Reduksjon: 5 studiepoeng
- NAB2052 - Marint maskineri - Reduksjon: 5 studiepoeng