Hopp til innhald

NABP2002 Innføring i samarbeid og organisasjonskunnskap

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Innføring i grunnleggande kunnskap om kva samarbeid og organisering består av, samt i grunnleggande teoriar om kommunikasjon, organisasjon og leiing. Formålet er at studentane skal bli i stand til å analysere i) dei situasjonane der dei samarbeider i sitt arbeid som bru-offiserar, og ii) slik arbeidet på og rundt skipet er organisert. Formålet med å kunne analysere dette er at dei så kan nytte analysane til å gjere samarbeidet og organiseringa betre. Studentane vil også bli presentert for kunnskapar om kva som skal til for å etablere og vedlikehalde fruktbare samarbeidsformer på eit skip og mellom skipet og andre aktørar.

Deltaking i undervisninga er essensielt for å oppnå læringsmåla som vert presentert under.

Læringsutbytte

Kunnskap: Etter fullført kurs har studenten ha tilegnet seg:

Solid kunnskap om

  • ein bestemt generisk teori (dvs. Firths teori) som kan nyttast for å forstå organisert samarbeid.
  • kva for organisatoriske oppgåver som må løysas for at organisasjonen skal fungere godt slik at samarbeidet blir godt.
  • kriterier for «godt» samarbeid.
  • forholdet mellom individ og organisasjon og
    • korleis ulike individ fyller sine organisatoriske roller på ulike vis, og
    • at alle medlemmer av organisasjonar alltid vurderer om kostnaden ved å være organisert er større eller mindre enn gevinsten ved å være organisert
      • dvs. om tilhøve som motiverer individ til å samarbeide eller la være
    • om åtferd og vanemessige tankesett (haldningar) som medverkar til at samarbeid blir godt eller ikkje.

Grunnleggande kunnskap om

  • kommunikasjon
    • kva «meining» er, korleis «meining» spreiar seg mellom menneskjer, korleis menneskjer skaper «god nok» felles forståing av kva noe betyr, kva som må gjeres osb.
    • kriterier for «god» og «dårlig» kommunikasjon
  • omgrepet kultur, inkl. «organisasjonskultur», «sikkerheitskultur» og «interkulturell kommunikasjon».
    • Grunnleggande kunnskap om omgrepa «situasjonsforståing» og «situasjonsdefinisjon», og evna til å kritisere både omgrepa.
  • omgrepet organisasjonslæring (lærande organisasjonar).
    • Om skilnadar og likskap mellom «kultur-endring» og «lærande organisasjon»
  • leiing: kva for oppgåver leiing handlar om, samt om kva omgrepet makt refererer til.
  • Konfliktforståing

Generell kunnskap om

  • korleis nokre samspelsprosessar fører til høg trivsel, gjensidig ivaretaking, tillit og respekt, god sikkerheit og effektivt samarbeid, medan andre fører til misnøye, mistillit og forakt, lav sikkerheit og ineffektivt samarbeid.
    • kunnskap om omgrepa tillit og tillitsverdighet
    • forholdet mellom tillit/tillitsverdighet og sikkerheit

Ferdigheiter: Etter fullført kurs kan studentane nytte kunnskapane ovanfor til å:

  • Skildre og analysere spesifikke organisasjonar og samarbeidssituasjonar
  • Kjenne att ulike typar leiing og kjenne fordeler og ulemper med dei ulike typane.
  • Kjenne att og kunne skilje lærande frå ikkje-lærande organisasjonar
  • Sette fram fornuftige hypotesar om kva slags faktorar og prosessar som fører til at spesifikke organisasjonar fungerer meir eller mindre godt eller dårlig (med høg trivnad, gjensidig ivaretaking, tillit og respekt, god sikkerheit og effektivt samarbeid, eller det motsette).
  • Diskutere sine eigne hypotesar
  • Reflektere over eigen bruk av kunnskapane dei har lært og evne å justere eigne måtar å samarbeide på ut frå slike refleksjonar.
  • Unngå og/eller løyse konflikter

Kompetanse: Etter fullført kurs kan studentane bidra til:

  • At organisasjonar dei deltar i fungerer godt.
  • Meir effektivt samarbeid, venlegare og meir inkluderande samtalar og trivelegare samvær som leier til at sikkerheiten i operasjonar til sjøs aukar.

Tilrådde forkunnskapar

NABP1003 Danning og akademisk handverk

Undervisnings- og læringsformer

Videoar, seminar, gruppearbeid, gruppeøvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav - totalt fem. Fire arbeidskrav i form av gruppearbeid og eitt individuelt. Arbeidskrava må godkjennast undervegs. Dersom eit arbeidskrav ikkje vert godkjent vert det gitt ein (1) ny moglegheit til å forbetre og levere. Dersom også denne vert vurdert til ikkje godkjent er arbeidskravet ikkje gyldig og studentane kan ikkje ta eksamen dette semesteret.

Arbeidskrava er gyldige i to semestre.

Vurderingsform

Ei semesteroppgåve som bygger på arbeidet gjennomført i dei obligatoriske læringsaktivitetane.

Gradert karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB1028 - Samarbeid, organisasjon og kultur på skip - Reduksjon: 5 studiepoeng