Hopp til innhald

NABP3002 Hydrostatikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Innføring i hydrostatikk, stabilitet og trim på skip eller fartøy.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten

  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, verkty og metodar innan hydrostatikk og stabilitet.
  • Har kunnskap om initialstabilitet, trim, krengevinklar, dynamisk og statisk stabilitet, effekt av fri væskeoverflate, ising, lasteline og stabilitet etter skade og grunnstøting.
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan hydrostatikk og stabilitet.
  • Kan oppdatere sin kunnskap innan hydrostatikk og stabilitet.

Ferdigheter:

Studenten

  • Kan demonstrere kva for faktorar som påverkar hydrostatikken og stabiliteten til eit farty.
  • Kan gjennomføre utrekningar innan stabilitet og lekkstabilitet, trim, list, dynamisk stabilitet, statisk stabilitet, fri væskeoverflate, ising og lastelinje.
  • Kan bruke hydrostatiske data til å løyse stabilitets- og trimutfordringar for eit bestemt farty.
  • Kan treffe grunngjevne val basert på fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid innan hydrostatikk og stabilitet.
  • Kan finne, evaluere og referere til informasjon og bruke denne i relevante problemstillingar knytt til hydrostatikk og stabilitet.
  • Beherskar relevante faglege verkty, teknikkar og terminologi.
  • Kan reflektere over sentrale tema innan vedlikehald, hydrostatikk og stabilitet i eit bærekraftperspektiv.

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg og munnleg.
  • Kan utveksle synspunkt relatert til skipet sin stabilitet, konstruksjon eller design med andre innan det maritime fagområdet, og medverke til utvikling av praksis.
  • Kan planlegge og gjennomføre oppgåver og prosjekt innan etiske krav og retningsliner.
  • Faget dekker relevante IMO krav som skildra i STCW 78 med tillegg, tabell A-II/1 og A-II/2.

Krav til forkunnskapar

NABP1001 Fysikk

Tilrådde forkunnskapar

NABP1002 matematikk

NABP3001 Skipsdrift 1

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, rekneverkstad og oppgåver når i praksis

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske innleveringar der to må vere godkjende.

Innleveringane består av opp til 20 oppgåver kvar.

Oppgåvene vil vere ein kombinasjon av gjennomgått teori og matematiske utrekningar.

Datoar for innleveringar vert gitt ved semesterstart.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5 timar

Karakterskala: A - F, kor "A" er beste karakter og "E" er lågaste ståkarakter. Karakteren "F" er resvert for ikkje bestått eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX.

Teknisk formelsamling med tabeller ved Svein Erik Pedersen, Jan Gustavsen, Svein Kaasa og Oddmund Olsen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB2022 - Skipsteknikk - Reduksjon: 10 studiepoeng