Hopp til innhald

NABY0001 Forkurs matematikk for nautikk Y-veg

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Dette emnet er eit forkurs for å dekke tema i matematikk på nivå med generell studiekompetanse. Tema vil vere grunnleggjande aritmetikk og algebra, likningar og ulikskapar, trigonometri, geometri og funksjonar.

Emnet har obligatorisk oppmøte onsdag, torsdag og fredag i veke 32. Meir informasjon om oppmøte vil bli gitt.

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

Studentane skal ha grunnleggande kunnskapar i brøkrekning, parentesreglar, faktorisering, potensar, logaritmeomgrepet og det å snu ein formel. Studentane skal kunna gjere greie for første- og andregradslikningar med ein og to ukjende, enkle ulikskapar, definisjon av trigonometriske funksjonar for vinklar mindre enn 180°, trekantberekningar, arealsetning, lineære funksjonar, likningar for rett linje, proporsjonalitet, omvendt proporsjonalitet og andregradsfunksjonar.

- Ferdigheitar:

Studentane skal kunna utføra enkle berekningar med brøkrekning, parentesar, faktorisering og potensrekning. Dei skal vera i stand til å snu ein formel for å kunna nytta den i eit reknestykke.

- Generell kompetanse:

Studentane skal kunne skrive matematikk med korrekt bruk av matematiske symbol og skrivemåtar. Dei har innsikt i grunnleggjande matematiske omgrep og modellar, og kan forklare desse til andre. Studentane kan snu formlar og har opparbeidd seg kunnskapar som er naudsynte for vidare realfag og nautiske fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneverkstad.

Obligatorisk læringsaktivitet

100 % obligatorisk oppmøte på kursdagane i veke 32.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen,

Varigheit: 2 timar

Vurderingsuttrykk: Bestått/Ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX. Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen).

Meir om hjelpemiddel