Hopp til innhald

SYKDB003 Medikamentrekning

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Medikamentrekningstestar gjennomførast som obligatorisk læringsaktivitet i bachelor i sjukepleie. 

Testen blir gjennomført på campus, og den skal leverast i WISEflow. 

Det arrangerast medikamentrekningstest 3 gonger. Studentane må difor gjennomføre testen i løpet av desse tre forsøka. Det blir ikkje satt opp fleire forsøk, sjølv om enkelte student er sjuk eller er borte frå eit/fleire forsøk. Det er ikkje mogleg å søke om eit fjerde forsøk, dette er fordi det er definert som ein obligatorisk læringsaktivitet.

Studentar skal gjennomføre testen på den campus dei er student. Det er ikkje høve å framstille seg til medikamentrekningstestar ved andre institusjonar eller studieprogram enn dei er tatt opp på. 

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelhandtering, medrekna legemiddelrekning, og kvalitetssikrar den enkelte pasient sin legemiddelbruk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

-

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

2 timars, individuell skriftleg medikamentrekningsprøve (må vere 100% rett)

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator

Meir om hjelpemiddel