Hopp til innhald

SYKDF130 Anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studenten lære om kroppen sin anatomi, fysiologi og biokjemi. Anatomi er læra om oppbygginga av kroppen, og fysiologi læra om kroppen sin funksjon. Biokjemi er læra om kjemiske strukturar og kjemiske prosessar i levande organismar.

Ein skal også lære om mikrobiologi. Mikrobiologi er læra om mikroskopiske organismar, t.d. bakteriar, virus og sopp. Kunnskap om desse er naudsynt for å forstå korleis infeksjonssjukdommar oppstår og vert behandla, og vidare korleis infeksjonar kan førebyggast.

Emnet inneheld følgande tema:

Anatomi, fysiologi, biokjemi

  • Grunnleggande omgrep
  • Grunnleggande kjemi og biokjemi
  • Celler
  • Genetikk - arv
  • Histologi - vev
  • Nervesystemet
  • Sansane
  • Huda
  • Det endokrine systemet/hormonsystemet
  • Respirasjonssystemet
  • Sirkulasjonssystemet (hjartet og åresystemet)
  • Blodet
  • Immunsystemet
  • Nyrene og urinvegane
  • Væske-, elektrolytt- og syre-base-reguleringa
  • Fordøyingssystemet
  • Energiomsetnaden
  • Temperaturreguleringa
  • Skjelettet
  • Musklane
  • Forplantingsorgana (mannen sine kjønnsorgan, kvinna sine kjønnsorgan, svangerskap og fødsel)

Meir utfyllande informasjon og forventa fagleg djupne og nivå i dei ulike temaa kjem fram i skildringa av faginnhald i eige dokument utforma av NOKUT (Læringsutbyttebeskrivelse og faginnhold for emnet anatomi, fysiologi og biokjemi, Bachelorutdanning i sykepleie).

 Mikrobiologi

  • Bakteriar, virus, sopp, protozoar og andre mikroorganismar
  • Mikroorganismane sin patogenitet og virulens
  • Smitterisiko og smittekjeda
  • Resistensutvikling ved bruk av antimikrobielle middel

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Læringsutbytta i anatomi, fysiologi og biokjemi og læringsutbytta i mikrobiologi er sett opp kvar for seg fordi dei vert vurderte i kvar sin eksamen.

Anatomi, fysiologi, biokjemi

Kunnskap:

Studenten…

  • har brei kunnskap om namn på anatomiske strukturar og organ i menneskekroppen
  • har brei kunnskap om anatomi i betydninga
  • makroanatomisk: organ og organsystem
  • mikroanatomisk: celler og vev
  • har brei kunnskap om plassering av organa i forhold til kvarandre
  • har brei kunnskap om funksjonane til dei ulike organa og organsystema i kroppen
  • har brei kunnskap om normal fysiologi i dei ulike organa og organsystema
  • har brei kunnskap om reguleringsmekanismar og homeostase i den friske kroppen
  • har kunnskap om sentrale biokjemiske prosessar i den friske kroppen

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan meistre omgrep og terminologi i fagfelta anatomi, fysiologi og biokjemi

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan formidle brei kunnskap om menneskekroppen sin anatomi og fysiologi
  • kan formidle kunnskap om biokjemi

Mikrobiologi

Kunnskap:

Studenten…

  • har brei kunnskap om dei mest vanlege mikroorganismane (bakteriar, virus, prion, parasittar og sopp) og infeksjonar dei kan gje
  • har brei kunnskap om smitterisiko, til dømes mikroorganismane sin patogenitet og virulens
  • har brei kunnskap om smittekjeda
  • har kunnskap om antimikrobielle middel og resistensutvikling

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan meistre omgrep og terminologi i fagfeltet mikrobiologi

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan formidle brei kunnskap om smittestoff og smitterisiko
  • kan formidle kunnskap om mikrobiologi, antibiotikabruk og resistensutvikling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Arbeid i grupper
  • Multimodale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Oppgåveløysing
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: anatomi og fysiologi.

2: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: fysiologi og biokjemi.

3: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: mikrobiologi.

Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.  Ved fravær fra obligatoriske læringsaktivitetar gjelder samme regler som for fravær i praksis jfr forskrift om studium og eksamen ved HVL

Vurderingsform

Eksamen består av to delar der del 1 tel 80% og del 2 tel 20% av samla karakter.

Del 1: Skriftleg skuleeksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi, 4 timar. Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.

Del 2: Skriftleg skuleeksamen i mikrobiologi, 2 timar. Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A - E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Ny eksamen

Begge eksamenane må vere bestått for at emnet skal vere bestått. Dersom studenten får karakteren F på ein av eksamenane, må denne eksamenen takast opp att.

Ny eksamen gjennomføres i samme form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel