BO6-2011 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing. Studentane skal bruke fagleg kunnskap og forskning på praktiske og teoretiske problemstillingar som er relevante for studiet.
Bacheloroppgåva skal skrivast i grupper på to til tre personar. Emneansvarleg kan innvilge dispensasjon frå dette kravet etter skriftleg søknad dersom det ligg føre særlege grunnar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- Har oppdatert og inngåande kunnskap om relevante teoriar og metodar knytt til vald problemstilling.
- Kjenne til forskings- og utviklingsarbeid knytt til vald tema/problemstilling.
Ferdigheter
Studenten:
- Kan greie ut ei fagleg problemstilling.
- Kan finne, velje og fordjupe seg i relevant teori for problemstillinga.
- Kan vurdere, og velje ut, relevante metodar for å finne svar på problemstillinga.
- Kan planleggje og gjennomføre innhenting av empirisk data og bearbeide desse.
- Kan analysere data og diskutere funna opp mot teori.
- Kan vurdere funna og kome fram til ein konklusjon.
- Kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt med avgrensa ressursar.
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan planlegge og gjennomføre prosjekt som strekk seg over tid, aleine og som medlem av ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- Kan formidle problemstillingar, fagstoff og løysingar skriftleg.
- Kan utveksle synspunkt og erfaring med andre med bakgrunn innan sitt fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Krav til forkunnskapar
Avlagt minst 100 studiepoeng ved oppstart av 5. semester.
For kandidatar med bachelor i økonomi og administrasjon og med bachelor i økonomi og jus bestått BØA115 Statistikk og minimum ha bestått arbeidskravene i ME6-1002 Samfunnsvitskapleg metode.
For kandidatar med bachelor i reiselivsledelse, bachelor i eigedomsmekling og bachelor i natur- og opplevelsesbasert reiseliv skal minimum ha bestått arbeidskrav i ME6-1001 Statistikk og ME6-1002 Samfunnsvitskapleg metode.
Undervisnings- og læringsformer
Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig arbeid. Studentane har sjølve ansvar for å nå læringsutbytte, og for framdrift og utforming av oppgåva. For å førebu og støtte studentane i skrivearbeidet er det utarbeida ein serie med seminar og videoar. Aktiv bruk av rettleiing er likevel den viktigaste læringsforma i emnet. Rettleiing vert gitt etter avtale med tildelt rettleiar, maksimum fire rettleiingstimar per gruppe. 'Rettleiaren for bacheloroppgåva ved institutt for økonomi og administrasjon, campus Sogndal' gir utfyllande informasjon om innhald og omfang på rettleiinga.
Obligatorisk læringsaktivitet
Kravet for å levere bachelotoppgåva til sensur er:
- Studentane avtalar, førebur og deltek på den obligatoriske rettleiingsøkta, og signerer rettleiingsavtalen.
- Aktiv deltaking på plakat-verkstad og levering av ferdig plakat av bachelotoppgåva.
Vurderingsform
Bacheloroppgåve i grupper på 2-3 personar.
Bokstavkarakter.
Kandidatar som får ikkje bestått og ønskjer å levere ei forbetra versjon av bacheloroppgåva får tilbod om ein time rettleiing. Sjå elles§11-19 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for meir informasjon om oppattaking av bacheloroppgåver.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel