Hopp til innhald

HI101 Historie 500-1500. Innføring i norsk og internasjonal historie

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei oversikt over sentrale trekk ved den historiske utviklinga i Europa i perioden frå ca. 500 til ca. 1500. Emnet gir eit oversyn over ulike politiske, økonomiske, religiøse og kulturelle endringar frå seinantikken til reformasjonen. Sentrale stikkord for emnet er krig og fred, politisk kultur og statsutvikling, religion og kommunikasjon, økonomi og samfunn. Innafor den politiske sfæren ligg vekta på utviklinga frå Romarrikets samanbrot i Vest-Europa til framveksten av ei rekkje nasjonale kongedøme i høg- og seinmellomalderen, t.d. i England, Frankrike, Noreg, Sverige og Danmark. Frå eit kulturelt og religiøs perspektiv er fokus på korleis dei katolske kjerneområda på kontinentet gjekk frå ein krisetid på 800- og 900-talet, til at den vestlege kristenheita ekspanderte etter år 1000 i nord og aust, t.d. i Skandinavia, Sentral- og Aust-Europa. Her vil det òg vere naturleg å sjå på kontakten mellom den vestlege kristenheita og dei to nærliggande sivilisasjonane, nemleg den austlege kristenheita (Bysants) og den islamske verda. Her vert særleg pavekyrkja, investiturstrid, krosstog, kristning- og statsdanningsprosessar sentrale stikkord. Innan samfunn og økonomi, er sentrale tema føydale strukturar og handelsnettverk i tidleg og høgmellomalderen, mens det er eit fokus på dei sosiale, kulturelle og demografiske endringane som følgje av epidemiar, krigar og klimatiske endringar i Europa i seinmellomalderen.

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ....

  • har brei realhistorisk kunnskap om utviklinga i Europa frå omkring 500 til 1500
  • ha kjennskap til sentrale tema i eldre norsk historie, frå vikingtid til kristning og rikssamling i tidleg- og høgmellomalder
  • har kjennskap til ulike faglege perspektiv på perioden
  • har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
  • har kunnskap om økonomisk, vitskapleg og teknologisk utvikling, og om sosiale og kulturelle endringar over tid
  • Kunne gjere greie for sentrale likskapar og ulikskapar mellom den vestlege kristneheita, den austlege kristenheita og den islamske verda i perioden
  • kan gjere greie for den politiske, militære og administrative utviklinga i perioden
  • kan gjere greie for utviklinga innan jordbruk, handel, samfunn og religion i perioden
  • kan forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme førmoderne samfunn

Ferdigheiter

Studenten ...

  • kan finne fram, vurdere og gjere nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
  • kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historie
  • kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan formidle sentralt historisk fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

Heimeeksamen, individuell (5 timar).

Karakterskala A-F der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA503 - Frå antikken til den franske revolusjon. Verda fram til 1800 - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • SA600 - Historie før 1700: Frå antikken til den vitskaplege revolusjonen - Reduksjon: 10 studiepoeng