Hopp til innhald

BØA117 Finansrekneskap med analyse

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Kurset bygger på BØA113 Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap eller liknande kurs. Kurset skal gi god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår. Kurset skal vidare gi nødvendige kunnskapar til å behandle sentrale rekneskapsmessige måleproblem, rekne ut skatt og til å kunne utarbeide ei kontantstraumoppstilling. Med utgangspunkt i årsrekneskapen viser ein korleis bedrifta si lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet kan analyserast nærare.

Innhald:

  • Grunnleggande rekneskapsprinsipp og god rekneskapsskikk
  • Rekneskapslova sine vurderingsreglar for eigedelar og gjeld
  • Rekneskapsføring av skatt i aksjeselskap
  • Eigenkapital og disponering av årsresultat
  • Utarbeiding av kontantstraumoppstilling
  • Rekneskapsanalyse

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten skal ved fullføring:

  • ha kunnskap om finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår
  • ha kunnskap om sentrale rekneskapsprinsipp og vurderingsreglar
  • ha kunnskap om dei mest sentrale skilnadane mellom rekneskaps- og skattereglar
  • ha kunnskap om ikkje-finansiell rapportering, herunder bærekraftsrapportering
  • forstå samanhengen mellom likviditetsendringar (kontantstraumoppstilling), verdiskapinga (resultatrekneskap) og anskaffing og bruk av kapital (balanse)
  • kjenne sentrale nøkkeltal innan lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet

Ferdigheiter

Studenten skal ved fullføring:

  • kunne utarbeide resultatrekneskap og balanse
  • kunne handsame sentrale måle- og vurderingsproblem
  • kunne sette opp ei enkel skatteberekning
  • kunne gjere årsoppgjørsposteringar og disponering av resultatet
  • kunne utarbeide kontantstraumoppstilling
  • kunne rekne ut og vurdere sentrale nøkkeltal med utgangspunkt i årsrekneskap for analyseformål

Generell kompetanse

Studenten skal ved fullføring:

  • ha ei grunnleggande forståing for utarbeiding og analyse av årsrekneskap
  • ha grunnlag for vidare fordjuping innan fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap (BØA113) eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar

Obligatorisk læringsaktivitet

To skriftlege arbeidskrav.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen 5 timar. Eksamen kan bli gjennomført på digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F (der F er ikkje bestått)

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator av type:

- Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar m.m.)

- TI-30Xa, TI-30XIIS, TI-30XS MultiView

- Sharp EL-531TG, Sharp EL-531TH, Sharp EL-531TS

Norges Lover, skattelovsamling, særtrykk av lover og forskrifter

Meir om hjelpemiddel