Hopp til innhald

BØA203 Mikroøkonomi 1

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld grunnleggande teoriar og modellar innan fagfeltet mikroøkonomi. I konsument- og produsentteorien analyserer ein høvesvis konsumentane og produsentane sin økonomiske tilpassing. I marknadsteorien studerer ein korleis prisar vert danna i ulike marknadsformer med hovudfokus på fullkommen konkurranse og monopol, men og ein introduksjon til monopolistisk konkurranse og internasjonal handel. Med utgangspunkt i marknadsteorien studerer ein kva konsekvensar marknadsform og offentlig inngripen har for samfunnsø­konomisk effektivitet. Siste tema er marknadssvikt, og korleis offentlige tiltak kan bidra til en meir effektiv ressursbruk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal kandidaten ha oppnådd slik kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap:

Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om:

  • Grunnleggande omgrep og modellar innan mikroøkonomi
  • Korleis modellane kan nyttast til å drøfte enkeltaktører sin økonomiske åtferd og samspelet mellom desse i ulike marknadsformer
  • Kriterier for økonomiske effektivitet og situasjonar der ein har marknadssvikt
  • Korleis styresmaktene sin politikk kan påverke enkeltaktørers åtferd og dermed prisar, effektivitet og fordeling av samfunnsøkonomisk overskot

Dugleik:

Ved fullført emne kan kandidaten anvende sin faglege kunnskap til å:

  • Analysere den økonomiske tilpasninga til konsumentar og produsentar
  • Analysere korleis samspelet mellom konsumentar og produsentar fører til ein marknadslikevekt
  • Presentere og drøfte marknadslikevekt i ulike konkurransesituasjonar og ved offentlig inngrep
  • Analysere situasjonar der marknader ikkje fører til ein samfunnsøkonomisk effektiv ressursbruk, det vil seie marknadssvikt, og kva styresmaktene kan gjøre for å medverke til ein meir effektiv ressursbruk

Generell kompetanse:

Ved fullført emne har kandidaten:

  • Forståing for forholdet mellom enkeltaktørane sine val og dei samfunns­økonomiske konsekvensane
  • Evne til å kunne reflektere over hendingar og økonomisk politikk som vedkjem marknader og marknadsaktørar
  • Evne til å kunne jobbe saman med andre for å løyse oppgåver

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA111 Matematikk for økonomer eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar. Oppgåveløysing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten må ha godkjent skrifteleg svar på to sett med oppgåver for å kunne gå opp til eksamen. Det er krav om at studentane skal samarbeide i avgrensa grupper.

Vurderingsform

4 timar skriftleg skuleeksamen. Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator av type:

- Casio fx-82, Casio fx-85 (der alle typar av både fx-82 og fx-85 er tillat: CW, ES, ES Plus, EX, Solar m.m.)

- TI-30Xa, TI-30XIIS, TI-30XS MultiView

- Sharp EL-531TG, Sharp EL-531TH, Sharp EL-531TS

Meir om hjelpemiddel