Hopp til innhald

NAB3014 STCW Vidaregåande sikkerheitskurs

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Vidaregåande sikkerheitskurs for skipsoffiserar og beredskapsleiarar i internasjonal skipsfart.

Kurset består av livbåtførarkurs, brannlagskurs og førstehjelpskurs. Emnet gir ikkje studiepoeng, men blir tilbydd studentar som skal fullføre bachelor i nautikk og seinare løyse sertifikat som dekksoffiser.

Praktisk informasjon:

  • Emnet blir gitt av ekstern kurstilbydar. Kurset har ei avgrensa gyldigheit på fem år.
  • Kvar einskild student får berre moglegheit til å ta emnet éin gong. Dersom ein har meldt seg opp, men ikkje fullfører utan gyldig grunn, vil det ikkje vere mogleg å ta kurset på nytt gjennom HVL.

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

Studentane skal kunne gjere greie for beredskapsleiing om bord i skip i ulike typar naudssituasjonar.

- Ferdigheitar:

Studentane skal kunne føre ein livbåt og leia evakuering til livbåt. Dei skal kunne delta i og leie brannlag, og kunne gi førstehjelp til personar i medisinske naudssituasjonar.

- Generell kompetanse:

Kurset dekkjer krava i STCW tabell A-VI/2-1, A-VI/3 og A-VI/4-1.

Krav til forkunnskapar

Grunnleggjande sikkerheitskurs må vere gyldig på det tidspunktet der ein skal ta vidaregåande sikkerheitskurs. Grunnleggjande sikkerheitskurs er opptakskrav for Nautikk Y-veg.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og praktiske øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

100 % frammøte og deltaking under heile kurset.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 1 time. Eksamen er gitt av ekstern kurstilbydar.

Bestått / ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel