Hopp til innhald

NABP2002 Innføring i samarbeid og organisasjonskunnskap

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I løpet av kurset vil studentane få ein grunnleggjande forståing av korleis menneskjer samarbeider og organisasjonar fungerer.

Emnet byggjer på ein bestemt teori om samarbeid («Samarbeidets anatomi»), men gir også ei innføring i ulike andre teoriar om organisasjon, leiing, samhandling og kommunikasjon. Føremålet er å gjere studentane i stand til å forstå og analysere dei samarbeidssituasjonane og organisatoriske samanhengane dei vil delta i som nautikarar. Kurset legg også opp til at studentane skal reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner, og over korleis dei sjølve bidrar i eit arbeidsfellesskap.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført kurs vil studenten ha tileigna seg:

  • Solide kunnskapar om en bestemt generisk teori (dvs. «Samarbeidet anatomi) og korleis bruke denne for å forstå spesifikke tilfelle av organisert samarbeid
  • Kunnskap om eit utval andre teoriar om kva organisasjon og organisert samarbeid er
  • Kunnskap om ulike perspektiv på leiing
  • Kriteria for å bedømme kva som er godt samarbeid
  • Kunnskap om kommunikasjon som et integrert aspekt av alt samarbeid
  • Kunnskap om omgrepet kultur, inkl. «organisasjonskultur», «sikkerheitskultur» og «interkulturell kommunikasjon»

  • Kunnskap om omgrepa tillit og truverd (tillitsverdighet på bokmål)

  • Kunnskap om konfliktar

Ferdigheiter

Etter fullført kurs kan studentane nytte kunnskapen ovanfor til å:

  • Kunne skildre og analysere spesifikke samarbeidssituasjonar, med utgangspunkt i relevant teori
  • Kjenne at korleis og kvifor ulike samarbeidsproblem oppstår og utviklar seg
  • Reflektere over eigne måtar å samarbeida på, og bruke relevant teori til å forstå og forbetre dette
  • Reflektere over mogelege løysningar på dei samarbeidsproblema som oppstår

Kompetanse

Etter fullført kurs kan studentane bidra til:

  • Å forbetre eller vedlikehalde eit godt samarbeid i de organisasjonane de tilhøyrar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NABP1003 Danning og akademisk handverk

Undervisnings- og læringsformer

Individuelt arbeid, gruppearbeid, praktiske øvingar, førelesingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er totalt fire (4) arbeidskrav i form av tre (3) gruppearbeid og eitt (1) individuelt. Arbeidskrava må godkjennast undervegs. Dersom eit arbeidskravet ikkje blir godkjent på første forsøk, vil studentane få ein (1) sjanse til å gjere dette på nytt.

Arbeidskravene er gyldige i to (2) semester.

Vurderingsform

Semesteroppgåve

Gradert karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB1028 - Samarbeid, organisasjon og kultur på skip - Reduksjon: 5 studiepoeng