Hopp til innhald

NABP3002 Hydrostatikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Innføring i hydrostatikk, stabilitet og trim på skip eller fartøy.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten

  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, verkty og metodar innan hydrostatikk og stabilitet.
  • Har kunnskap om initialstabilitet, trim, krengevinklar, dynamisk og statisk stabilitet, effekt av fri væskeoverflate, ising, lasteline og stabilitet etter skade og grunnstøting.
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan hydrostatikk og stabilitet.
  • Kan oppdatere sin kunnskap innan hydrostatikk og stabilitet.

Ferdigheter:

Studenten

  • Kan demonstrere kva for faktorar som påverkar hydrostatikken og stabiliteten til eit farty.
  • Kan gjennomføre utrekningar innan stabilitet og lekkstabilitet, trim, list, dynamisk stabilitet, statisk stabilitet, fri væskeoverflate, ising og lastelinje.
  • Kan bruke hydrostatiske data til å løyse stabilitets- og trimutfordringar for eit bestemt farty.
  • Kan treffe grunngjevne val basert på fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid innan hydrostatikk og stabilitet.
  • Kan finne, evaluere og referere til informasjon og bruke denne i relevante problemstillingar knytt til hydrostatikk og stabilitet.
  • Beherskar relevante faglege verkty, teknikkar og terminologi.
  • Kan reflektere over sentrale tema innan vedlikehald, hydrostatikk og stabilitet i eit bærekraftperspektiv.

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg og munnleg.
  • Kan utveksle synspunkt relatert til skipet sin stabilitet, konstruksjon eller design med andre innan det maritime fagområdet, og medverke til utvikling av praksis.
  • Kan planlegge og gjennomføre oppgåver og prosjekt innan etiske krav og retningsliner.
  • Faget dekker relevante IMO krav som skildra i STCW 78 med tillegg, tabell A-II/1 og A-II/2.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NABP1002 Matematikk

NAB1001 Fysikk

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, rekneverkstad og oppgåver når i praksis

Obligatorisk læringsaktivitet

To passeringstestar.Begge må vera godkjende.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5 timar

Karakterskala: A - F, kor "A" er beste karakter og "E" er lågaste ståkarakter. Karakteren "F" er resvert for ikkje bestått eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX og Casio fx-991CW. "Enkel kalkulator" er også tillatt (sjå: Hjelpemiddel ved eksamen).

Teknisk formelsamling med tabeller ved Svein Erik Pedersen, Jan Gustavsen, Svein Kaasa og Oddmund Olsen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB2022 - Skipsteknikk - Reduksjon: 10 studiepoeng