Hopp til innhald

FRIB202 Friluftsliv vinter 1

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Gjennom teori, ekskursjonar og praksis skal studentane vidare tileigne seg kunnskap og erfaring knytt til vinterfriluftsliv. For læring av trygg vinterferdsel vil faktorane terreng, snødekke, ver og menneske vere sentrale i emnet, samt førstehjelp med fokus på generell nedkjøling. Studentane får grunnleggande kjennskap til vegleiing i vinterfriluftsliv, og dei vil ha to veker samanhengande praksis i skuleverket, institusjonar i helsesektoren eller anna friluftslivs relevante institusjonar.

Ved godkjent gjennomføring av ekskursjonane kan studentane få Norsk Fjellsportforum (NF) videregående skredkurs nordisk/alpint, dersom loggbok tilfredsstiller NF krav til opptak på videregåande skredkurs. 

Ekskursjonar:

  • Nordisk vinterferd i skogen m/førstehjelp, ein dag med vegleiar og to dagar på eiga hand 
  • Nordisk vinterferd i høgfjellet, fire-fem dagar 
  • Topptur på ski i oversiktlig terreng med tema innen skredlære og kameratredning, tre-fire enkeltdagar 
  • Eigenferd nordisk vinter, minimum fem dagar 
  • Eigenferd topptur på ski, to-tre dagar

Praksis:

To veker arbeidslivsretta praksis

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om vegleiing knytt til nordisk vinterferd
  • kan planlegga og gjennomføra topptur i oversiktleg terreng
  • har inngåande kunnskap knytt til orientering, kart, kompass, hellingsvinkelmåler og GPS
  • har kunnskap knytt til kameratredning og grunnleggande førstehjelp
  • har kunnskap om korleis skredvarsling nyttast i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av nordisk/alpin skiferd
  • har kunnskap om samspelet mellom terreng, snødekke, vær og menneske i samband med vinterferdsel

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til nordisk vinterferd for grupper
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere toppturar i oversiktleg terreng
  • kan orientere med bruk av kart og kompass
  • kan nytte GPS som supplement til kart og kompass, samt bruk av kart- og GPS applikasjon på telefon
  • kan utføre kameratredning knytt til snøskred med og utan sendar/mottakar
  • kan utføre grunnleggande førstehjelp til skada og nedkjølt person

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til nordisk vinterferd og toppturar i oversiktleg terreng
  • kan vurdere terreng og snøskredfare, samt anvende sine kunnskaper og ferdigheitar til trygg ferdsel
  • får gjennom praksis erfare friluftslivfaget sin plass i skolen og i ulike institusjoner

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. NF grunnkurs skred eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet nyttar i stor grad praktisk undervisning ute og ekskursjonar der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. Turplanlegging og teori vil og formidlast gjennom førelesingar på campus. Gruppe- og individuelt arbeid inngår og som ein viktig del av emnet. Refleksjonsnotat blir brukt i samband med enkelte ekskursjonar. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering) 
  • Skriftleg gruppeinnlevering av turplan for eigenferd nordisk vinter
  • Refleksjonsnotat knytt til eiga læring
  • To veker praksis og praksisrapport

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om å ha kunnskap om samspelet terreng, snødekke, ver og menneske i samband med vinterferdsel, samt å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til nordisk vinterferd og toppturar i oversiktleg terreng med grupper.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigendel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav. 

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen, 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel