MBAS513 Leiing av kvalitetsutvikling i barnehagen
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er obligatorisk og ligg i 2 semester av programmet. Emnet tilbys også som enkeltemne.
Det overordna målet med emnet er å bidra til nytenking og nyskaping av pedagogisk leiing av kvalitetsutviklingsarbeid frå forskingsbaserte og praktisk utforskande innfallsvinklar.
Emnet omfattar analyse og kritisk vurdering av omgrepet "kvalitet" ut frå ulike faglege og metodiske perspektiv. Leiing av kvalitetsarbeid i barnehagen blir utforska i relasjon til teoriar som vektlegg ulike stakeholder-perspektiv, samt teoriar om organisasjon og leiing, og empirisk forsking.
Vidare omfattar emnet kritisk refleksjon over "kvalitetsdiskursar" og ulike kvalitets- og vurderingsverktøy som blir nytta nasjonalt og internasjonalt innanfor barnehagefeltet. Emnet skal også utvikle studentane sine ferdigheiter i å leie personalet sine læringsprosessar i barnehagen som lærande organisasjon.
Emnet er tilgjengeleg for internasjonale studentar med tilstrekkelege føresetnader.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om teoriar og metodar som kan bidra til nytenking om kvalitetsutvikling i barnehagesektoren
- har kunnskap og ferdigheiter til å foreta ei kritisk vurdering av kvalitetsarbeid i barnehagesektoren
- har inngåande kunnskap om ulike forståingar av omgrepet kvalitet, kvalitets- og vurderingsverktøy og om ulik bruk i det nasjonale og internasjonale barnehagefeltet.
- har inngåande kunnskap om leiing og organisasjonsteoretiske perspektiv knytt til kvalitetsarbeid i barnehagen.
Ferdigheiter
Studenten
- kan bidra til nytenking om kvalitetsutvikling i barnehagesektor ved å leie utviklingsprosjekt som tar utgangspunkt i perspektiva til ulike aktørar/brukarar
- kan kritisk vurdere og kommunisere om ulike kvalitetsomgrep og ulike tilnærmingar til kvalitetsutvikling i barnehagen
- kan analysere og kritisk vurdere ulike former for pedagogisk leiing av kvalitetsarbeid i barnehagen som lærande organisasjon
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og vurdere bruk av ulike kvalitets- og vurderingsverktøy i lys av kritisk vurdering av kva som kan ivareta barns rettigheiter, samt prinsippet om "barns beste".
- kan lese og skrive akademiske tekster
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning kan ta form som førelesingar, videoførelesingar og/eller workshop/seminar støtta med PowerPoint-presentasjonar.
Det blir gitt rettleiing knytt til obligatorisk læringsaktivitet og semesteroppgåve.
Arbeidet i undervisninga er basert på at studentane har gjort omfattande sjølvstendig arbeid med pensumlitteratur i forkant.
Obligatorisk læringsaktivitet
1.Obligatorisk læringsaktivitet 1 er knytt til læringsutbyttet: «inngåande kunnskap om ulike forståingar av omgrepet kvalitet, kvalitets- og vurderingsverktøy og om ulik bruk i det nasjonale og internasjonale barnehagefeltet»:
Individuelt munnleg framlegg.
2. Obligatorisk læringsaktivitet 2 er knytt til læringsutbyttet: «kunnskap om teoriar og metodar som kan bidra til nytenking om kvalitetsutvikling i barnehagesektoren», samt «inngåande kunnskap om leiing og organisasjonsteoretiske perspektiv knytt til kvalitetsarbeid i barnehagen»:
Podcast på 30 minutt. Individuelt eller i gruppe.
Retningslinjer for læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart.
Det vil bli gitt eitt (1) nytt høve for å kompensere for dei som ikkje får godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet.
Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i to (2) år etter godkjenning.
Vurderingsform
Individuell, skriftleg oppgåve. Semesteroppgåva skal skrivast i ein mal der bestemte delar inngår. Omfang: 3500-4000 ord.
Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel