RE6-2007 Event Management 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Events og MICEE-segmentet er ein viktig del av reiselivsnæringa og kunnskap om utvikling og leiing av ulike typar events er nyttig. Å kunne utnytte lokale ressursar i produktutvikling på destinasjonen og tilby noko unikt vil vere eit viktig konkurransefortrinn i dagens marknad..
Dette emnet er praktisk orientert og skal gje kunnskap om dei ulike typar events som gjerne blir referert til i reiselivsnæringa, dvs. møter, kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer samt arrangement generelt.
Ved å ta del i utvikling og planlegging av eit arrangement skal studenten lære seg praktisk gjennomføring av arrangement.
Sentrale tema i emnet er:
- Grunnleggjande forståing om kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer og arrangement
- Kjenneteikn ved ulike events
- Trendar i marknaden
- Attraksjonskraft til eit event
- Organisering og leiing
- Tema, opplevingsverdi og konsept
- Frivllige og leiing av frivillige
- Sponsorar
- Marknadsføring, PR og media
- Eigarskap og styring
- Økonomi
- Ringverknader
- Events i strategisk destinasjonsutvikling
- Evaluering
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om omgrep og teoriar knytt til:
- ha kunnskap om omgrepet MICEE (meetings, incentives, conferences, events, exhibitions)og definere innhaldet i møter, kongress og konferanse, arrangement, utstilling/messer og incentiv-reiser og kva som kjenneteiknar desse
- ha kunnskap kring marknaden for MICEE både i eit globalt og nasjonalt perspektiv
- ha kunnskap om møter og arrangement si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- ha kunnskap om korleis ein planlegg og utviklar events
Ferdigheiter:
Ved fullført emne kan kandidaten anvende ulike faglege perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å:
- kunne planlegge og utvikle eit event fra ide til evaluering
Generell kompetanse:
Ved fullført emne kan kandidaten:
- finne, bruke og vise til relevant informasjon og fagstoff om events og framstille det slik at det løyser ei problemstilling
- lære samanhengen mellom berekraftig reiseliv og events
- reflektere over rolla til arrangement i eit destinasjonsperspektiv
- reflektere over rolla til arrangement i eit bedriftsperspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
RE6-1000 Reiselivskunnskap
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppeoppgåver og praktisk arbeid med eige seminar på campus med meir
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil 3 arbeidskrav .
Eit av arbeidskrava er å planlegge og gjennomføre eit event på campus med inntil 20-30 timar med praktisk arbeid per student.
Vurderingsform
Skriftleg heimeeksamen i gruppe (2-4 stk), tre dagar, 100%.
Karakter: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- RE6-2005 - Utvikling og leiing av arrangement - Reduksjon: 7,5 studiepoeng