ØSS113 Makroøkonomi II
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Kurset byggjer på BØA118 Makroøkonomi I og lærestoffet frå dette kurset er ein integrert del av kurset. Kurset tar sikte på å gjere rede for ein del teoriar som det ikkje var plass til i BØA118. Videre vil kurset leggje vekt på å få fram aktuelle emne og avspegle dei aktuelle makroøkonomiske nyhendene. Dermed kan kurset bli noko ulikt frå år til år.
Sentrale tema er:
Ulike økonomiske modellar som gjev perspektiv på makroøkonomiske hendingar.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Kurset tar mål om at studenten skal
Kjenne alternative teoriar som ikkje vart behandla i BØA118 så som.
- Rasjonelle konsumentar og ricardiansk ekvivalens
- Interaksjon mellom reell og nominell makroøkonomisk forståing
- Ulike paritetar (rente-, kjøpekrafts-, realrente-)
- Valutakursar på kort og lang sikt
- Ulike valutakursregimer
- Stabiliseringspolitikk og pengepolitisk regel
- IS-PC-MP modell
- Valutaunion
- Finanskriser og bobleteori
- Økonomisk politikk i eit spel mellom rasjonelle aktørar og politikarar (tidsinkonsistens, «Inflasjon bias»)
- Problem knytt til stabilisering av statsgjeld
- Norge som en oljeavhengig økonomi
- Norsk økonomisk politikk
Ferdigheiter
Studentene skal ved endt kurs kunne
- Tolke og forstå økonomiske nyhende og hendingar
- Gjere rede for alternative måter å sjå ting på
- Gjere rede for økonomiske forklaringsmodeller og deira gyldigheit (forutsetningar)
- Det vert vektlagt auka grad av formell presentasjon
Generell kompetanse
- Gjere bruk av abstrakte modeller
- Beherske grunnleggjande omgrep og analyse
- Reflektere kritisk over økonomiske hendingar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
- BØA203 Mikroøkonomi I
- BØA118 Makroøkonomi I
- BØA111 Matematikk for økonomer
Undervisnings- og læringsformer
Førelesninger, presentasjon og oppgaveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må ein få godkjend i alt 3 obligatoriske oppgåver. Oppgåvene skal leverast individuelt med mindre anna er opplyst.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timer.
Tid og stad for eksamen blir annonsert på Studentweb.
Karakterskala A-F, hvor F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle kalkulatormodeller er tillatte, med følgjande unntak
- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kalkulatoren skal ikkje kunne handsame symbolske matematiske uttrykk
- kalkulatoren kan ikkje koblast til straumnettet
- kalkulatoren må ikkje lage støy
Meir om hjelpemiddel