ØKB3130 Berekraftig shippingøkonomi
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet startar med ein gjennomgang av den maritime næringa si historie og noverande rolle, samt den sykliske naturen til shipping. Ein går deretter gjennom dei fire hovudmarknadane; Nybygg, leige av skip for frakt, kjøp og sal og skraping av skip. Etter dette kjem det ein presentasjon av inntekter og utgifter i reiarlag og optimalisering av desse og ein gjennomgang av finansiering av skip. Vidare går ein gjennom dei mest relevante leigemarknadene med tilhøyrande skipstypar før ein avsluttar med fokus på dei politiske og regulatoriske aktørane som er mest relevante for den maritime næringa. Ei sentral del av emnet er å setje fokus på berekraftig utvikling av den shippingbransjen og den maritime næringa.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Du:
- har oversikt over historia til den maritime næringa og den noverande rolla i internasjonal handel.
- har kunnskap om dei enkelte marknadene innan shipping; Nybygg, leige av skip for frakt, samt kjøp, sal og skraping av skip
- kan gjere greie for finansiering og korleis aktørane i den maritime næringa opererer kommersielt
- kjenner til dei ulike typane fraktmarknader og tilhøyranda skipstypar
- har ein grunnleggjande oversikt over sentrale myndigheiter og aktørar som Sjøfartsdirektoratet, International Maritime Organisation (IMO) og International Labour Organisation (ILO)
Ferdigheiter
Du:
- kan utføre ei analyse av tilbod og etterspurnad i dei enkelte shippingmarknadane og kjenne til korleis dette påverkar prisane
- kan utføre grunnleggjande kalkylar over lønnsemda for frakter
- kan gjere greie for ulike finansieringsmetodar ved kjøp av skip og fordeler og ulemper med desse metodane
- kan vurdere ulike strategiar for leige av skip for frakt ut frå marknadssegment
- kan gjere greie for sentrale politiske og regulatoriske aktørar innan shipping
- har ei einskapleg forståing av den maritime næringa og samspelet mellom dei ulike aktørane
Generell kompetanse
Du:
- har ei grunnleggjande forståing for historia til den maritime næringa
- har og ei grunnleggjande forståing for samansetjinga og rolla til den maritime næringa i internasjonal handel i dag, med spesielt fokus på reiarlag og kva som er deira grunnlag for avgjerdsler
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar med diskusjonar, diskusjoner og problemøysing basert på individuelle eller gruppevise oppgåver, munnlege presentasjonar.
Samlingsbasert
Obligatorisk læringsaktivitet
Ein individuell skrifleg innlevering, ein skrifleg innlevering i grupper på 2-3 studentar, samt ein munnleg presentasjon i klassen
Vurderingsform
Prosjektoppgåve i grupper på 2 - 3 studenter, 100% Karakterer frå A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel