IDF350 Forskningsmetode og bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld vitskapsteori, forskingsmetode og oppgåveskriving. Emnet startar med å gje studenten ei innføring i prosessen bak eit vitskapeleg arbeid, før studenten sjølv skal gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ei skriftleg oppgåve. Studentane vel tema og problemstilling for oppgåva i dialog med tildelt vegleiar. Emnet og oppgåva har fokus på at studentane skal læra meir om forskningsmetodar for å kunne svare ut ein problemstilling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar
- har kunnskap om metodar for å gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
- kan kritisk vurdere vitskapleg litteratur som er relevant for ei problemstilling
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
- kan finne, vurdera og henvise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kan behandle, analysere og tolke data
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre varierte oppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, aleine eller som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar, metodar og løysingar både skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
Fullført 90 studiepoeng frå bachelor idrett, trening og helse, bachelor friluftsliv eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
IDF100 Danning og akademisk handverk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, workshop, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Bacheloroppgåve der primært to studentar arbeidar saman i gruppe.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Skriftlege metodearbeid for å synliggjøre brei kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar.
- Prosjektskisse i tråd med emnets retningslinjer
- Minimum to rettleiingsmøter
- Presentasjon og deltaking på Work in Progress (WIP)-seminar
Obligatoriske læringsaktivitetar er knytta opp mot læringsmål for å vise at ein kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid og kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Skriftleg bacheloroppgåve, gruppeoppgåve med mindre det er innvilga å skrive oppgåva åleine. Oppgåva skal maksimalt vere på 12 000 ord. Talet på ord er eksklusive samandrag, innhaldsfortegnelse, litteraturliste, figurar, tabellar og vedlegg.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Studentar som får karakteren F på bacheloroppgåva, kan levere forbetra versjon av same oppgåve i løpet av påfølgjande semester. Dersom studenten får karakteren F også på andre forsøk, må det leverast heilt ny oppgåve med ny problemstilling.
Ved ny eksamen har studentane kun rett på 1 time rettleiing.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel