RE6-2010 Opplevingsøkonomi & Storytelling
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
I opplevingsøkonomi og storytelling lærer studentane om korleis kombinere økonomi, marknadsføring og kultur for å skapa meiningsfulle opplevingar som generer inntekter.
Emnet tek føre seg produktutvikling innan det vi referer til som tema og nisjebasert reiseliv. Korleis bruke kulturelle ressursar, både fysiske og immaterielle frå ide til ferdig oppleving. Studentane vil og lære korleis ein kan nytte historieforteljing og dramaturgi for å engasjere kundar og skapa minneverdige opplevingar. Både som del av ei oppleving eller som ei total oppleving.
Læringsutbytte
At studentane har kunnskap om
- Om teori og prinsipp innan opplevingsøkonomi og historieforteljing
- Om sentrale tema innan temabasert reiseliv som t.d. helse, transport, kulinarisk turisme (mat og drikke) , mørk turisme og andre typar turisme med utgangspunkt i natur- og kulturarven vår.
- Og kjenne til metodar for produktutvikling innan opplevingsøkonomi og historieforteljing.
- Om servicemøte, opplevingsrommet og faktorar som påverkar dette servicemøte.
- Bruk av historier i temabasert reiseliv og opplevingsnæringane
- Korleis teoretiske rammeverk og dramaturgi blir nytta i produktutvikling , historier og opplevingar
- Viktigheita av teatralske og forteljarkomponentar i servicemøte.
- Ulike digitale plattformer og sosiale media til ulike typar tematiserte produkt og historier
- Kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innan området tematiserte opplevelser og storytelling
- Historia, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet til emnet opplevingsøkonomi og storytelling
Ferdigheiter
At studentane skal vere i stand til å:
- Finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og legge det fram
- Skape meiningsfulle produkt og opplevevingar innan temabasert og nisjebasert reiseliv
- Skape meiningsfulle forteljingar, enten som del av ei oppleving eller som ei totaloppleving
- Analysere og evaluere opplevingsbaserte produkt og tenester.
- Identifisere problemstillinger og finne, vurdere og vise til informasjon og faglitteratur som kan løyse ei problemstilling
- Bruke historier og formidle dei gjennom opplevingsrommet, suvenirar og tilsette
- Utforske korleis historier kan bli brukt til å binde saman folk og samfunn, besøkande og destinasjonar.
Generell kompetanse
Studentane skal vere i stand til å :
- Finne og bruke ressursar, både materielle og immaterielle som bygningar, tekst, informasjon og personlege historier, evaluere og bruke det, og absorbere det til opplevingar, forteljingar og historier. ,
- Planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, både åleine og i gruppe innan tematiserte opplevingar og storytelling
- Formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og munnleg og andre relevante uttrykksformer som kan utveksle synspunkt og erfaring med andre innan same fagområde som fører til utvikling av god praksis
- Kjenne til og nytte nytekning og innovasjon innan opplevingsøkonomi og storytelling.
- Sjå samanhengen, utvikle og reflektere over linken mellom tematiserte opplevingar, ansvarleg reiseliv og berekraftig reiseliv
- Ha innsikt i korleis opplevingsøkonomi og historieforteljing kan bidra til berekraftig utvikling i reiselivsnæringa.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
RE6-1000 Introduksjon til reiseliv
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, gruppearbeid, feltarbeid, praksis, sjølvstendig arbeid, praktiske øvingar, digitale læringsformer, bedriftsbesøk.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil 3 arbeidskrav som må vere bestått for å ta eksamen
Vurderingsform
Heimeeksamen i gruppe (2-4 stk) 3 dagar , tel 100% av karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- RE6-2003 - Temabasert reiseliv - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BRL109 - Storytelling - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- FØS8200 - Temabaserte opplevingar & storytelling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng