UPED851 Innføring i universitetspedagogikk
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet er samlingsbasert og går over to samlingar med tilhøyrande før- og etterarbeid. Emnet gir ei innføring i feltet universitetspedagogikk. Studiet har ein kritisk reflekterande og forskande tilnærming til utvikling av læring og undervisning i høgare utdanning.
For dei som tek emnet for å dokumentera utdanningsfagleg kompetanse vil oppgåvene frå Innføringsemnet kunne nyttast i den pedagogiske mappa.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap om aktuelle styringsdokument knytt til undervisning i høgare utdanning
- har avansert kunnskap om ulike perspektiv på undervisning, læring og vurdering i høgare utdanning
- har avansert kunnskap om grunnleggjande prinsipp for rettleiing av kollega og studentar
- har avansert kunnskap om didaktiske modellar for å planleggje og gjennomføre og evaluere undervisning
- har inngåande kunnskap om og kan grunngje eige lærings- og kunnskapssyn og forholda seg reflektert til eiga lærarrolle
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysera, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning og rettleiing, både individuelt og i samarbeid med kollegaer, på ein relevant måte som fremmer kritisk refleksjon og studentars læring og faglege utvikling
- kan innhente, analysere og bruke tilbakemeldingar frå studentar og kollegaer til å systematisk utvikle undervisnings- og læringsprosessar
- kan bruke relevante metodar til å rettleie kollega i utvikling av undervisning og læringsarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere, utarbeide og vidareutvikle emne- og programplanar innanfor sine fagområde
- har ei kritisk og analytisk haldning til planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga og kollega si undervisning
- har ei profesjonell og yrkesetisk haldning til vidareutvikling av rolle som undervisar og som part i faglege og kollegiale fellesskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking på kollegarettleiing
- Deltaking på samlingane
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Oppgåve, ca. 2000 ord.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel