UPED851 Innføring i universitetspedagogikk
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emne er samlingsbasert og går over to samlingar med tilhøyrande før- og etterarbeid. Emne gir ei innføring i feltet universitetspedagogikk. Studiet har ein kritisk, reflekterande og forskande tilnærming til utvikling av læring og undervisning i høgare utdanning.
For dei som tek emne for å dokumentere utdanningsfagleg kompetanse vil oppgåvene frå innføringsemne kunne nyttast i den pedagogiske mappa.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- kan drøfte ulike perspektiv på undervisning, læring og vurdering i høgare utdanning
- kan bruke grunnleggjande prinsipp for rettleiing av kollegaer og studentar
- kan vurdere og tilpasse didaktiske modeller for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
- kan reflektere kritisk over og synleggjera eigne lærings- og kunnskapssyn, og korleis dette kjem til uttrykk i eigen underviserrolle
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysera, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning og rettleiing, både individuelt og i samarbeid med kollegaer, på ein relevant måte som fremjar kritisk refleksjon og studentane si læring og faglege utvikling
- kan innhente, analysere og bruke tilbakemeldingar frå studentar og kollegaer til å systematisk utvikle undervisnings- og læringsprosessar
- kan bruke relevante metodar til å rettleie kollegaer i utvikling av undervisning og læringsarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere, utarbeide og vidareutvikle emne- og programplanar innanfor sine fagområde
- har ei kritisk og analytisk haldning til planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga og kollega si undervisning
- har ei profesjonell og yrkesetisk haldning til vidareutvikling av rolle som undervisar og som part i faglege og kollegiale fellesskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing, sjølvstudium og digitale læringsressursar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking på kollegarettleiing og innlevering av kollegarettleiingsdokument
- Fysisk deltaking på alle samlingane
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjend til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Oppgåve, 2000 ord (+/-10% ).
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel