Hopp til innhald

ØKB2113 By- og regionaløkonomi

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet startar med å drøfte korleis verksemdene sine lokaliseringsval er avhengig av transportkostnadar, faktorprisar, marknadsstruktur, konkurranse og informasjonstilgang. Som ei naturleg utviding presenteres sentralstadsteorien, og mogelege forklaringar på klyngejr av næringsaktivitet. Arealutnyttinga innanfor eit byområde diskuterest i samanheng med prisgradienter, blant anna med fokus på forhold i boligmarknaden. Det inngår også som ein sentral del av emnet å drøfte korleis ein region påverkest av eksogene sjokk. Dette gjerest blant anna med utgangspunkt i økonomisk baseteori, og ved hjelp av regionale kryssløpsmodellar. Regional arbeidsmarknadsteori og modeller for spatial interaksjon brukest vidare til å analysere geografiske skilnader i lønsvilkår, arbeidsløyse, flyttestraumar og befolkningsutvikling.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kunnskap om kva forhold som styrer verksemdene sine lokaliseringval
  • Kjenner til kvifor det ofte oppstår geografiske klyngjer av næringsaktivitet, og korleis geografier typisk organiserest i ei hierarkisk orden av byer og tettstadar
  • Kjenner til teori for korleis ulike aktivitetar typisk opptar ulike område innanfor eit byområde, og korleis dette er knytta til arealprisar
  • Har kunnskap om sentrale modellar til å analysere verknadene av eksogene sjokk i ein lokal økonomi.
  • Kjenner til sentral teori for regionale arbeidsmarknader og flyttestraumar

Ferdigheiter

Studenten:

  • Er i stand til å bruke mikroøkonomisk teori til å forklare tettstedsmønstre, og har ei grunnleggjande forståing for geografiske skilnader i tomte- og boligpriser i ein region
  • Kan gjennomføre enkle analysar av kva verknadar ulike sjokk kan ha i ein lokal økonomi. Slike sjokk kan for eksempel vere at ei stor verksemd etablerest, leggjes ned, eller vert relokalisert.
  • Kan bidra med enkle analysar for korleis endringar i transport infrastruktur kan påverke verksemdenes lokaliseringsval og tettstedsstrukturen i ein region
  • Har ei grunnleggjande forståing for problemstillingar knytta til regionale skilnadar i arbeidsløyse, sysselsetjing og befolkningsutvikling

Generell kompetanse

Studenten:

  • Er i stand til å forklare den geografiske fordelinga av økonomisk aktivitet innanfor resonnement som byggjer på generelle likevektssamenhengar
  • Behersker samla sett eit fagleg verktøy som gir ei god forståing for sentrale samanhenger i den økonomiske-politiske debatten knytta til by- og regionaløkonomi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA203 Mikroøkonomi og BØA118 Makroøkonomi eller lignende.

Undervisnings- og læringsformer

Kurset nyttar ein kombinasjon av asynkrone førelesingar, synkrone virtuelle diskusjonar og samarbeidsbaserte gruppeprosjekt på nett. Førelesingane vil vere tilgjengelege som førehandsspelt video, supplert med live Q&A-økter. Gruppeoppgåver vil bli gjennomførte ved bruk av digitale samarbeidsverktøy for å styrke interaktiv læring.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i ei nettbasert gruppeoppgåve er obligatorisk. Oppgåva skal leverast elektronisk, og tilbakemeldingar blir gitt via læringsplattforma. Studentar med tidlegare godkjente oppgåver kan fullføre dei obligatoriske oppgåvene ved å levere ein oppdatert versjon av den tidlegare godkjente oppgåva.

Vurderingsform

Skriftleg skoleeksamen, 4 timar, 100%

Karakterskala A-F

Eksamen byggjer på pensumboka og arbeidet med årets arbeidskrav.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle kalkulatormodellar er tillate:

  • kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
  • kalkulatoren skal ikkje kunne behandle symbolske matematiske uttrykk
  • kalkulatoren kan ikkje koplast til straumnett
  • kalkulatoren må ikkje lage støy

https://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

Meir om hjelpemiddel