Hopp til innhald

DAN101 Danning og akademisk skriving

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til berekraftig utvikling for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.

Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.

Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt.
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid.
  • har kunnskap om etikk og berekraft.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt, samt trekke inn etiske problemstillingar knytt til desse.
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • kan anvende fagleg kunnskap i fagleg tekst som tilfredstiller akademiske krav

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe.
  • kan utveksle og diskutere faglege synspunkt og være kritisk til eige fagområde og vitskapen generelt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer og digitale ressursar i emnet.

Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursførelesningar og aktivitetar som fremjer refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriskelæringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet:

  • Individuelt skriftleg arbeid, der studenten skal skrive ein akademisk tekst knytt til eigen profesjon eller eige fagområde.
  • Digitalt kurs i informasjonskompetanse, for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • Deltaking i gruppearbeid med rettleiing, knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.
  • Deltaking/frammøte i utvalde delar av undervisninga. Vil bli spesifisert ved semesterstart.

Krav til deltaking/frammøte i utvalde delar av undervisninga er 80%, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL § 8-4 (3).

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1500 ord .

Vurderingsuttrykk: Bestått/Ikkje bestått

Ny eksamen: Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester. Ny eksamen skal leverast som gruppearbeid. Det er ikkje høve til å levere ny eksamen åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne. For meir informasjon om bruk av kunstigintelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel