Hopp til innhald

GE491 Bacheloroppgåve i geologi

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Bacheloroppgåva er det avsluttande emnet i bachelorutdanninga og vert gjennomført i siste studieår. Studentane skal gjennomføre ei sjølvstendig forskingsretta oppgåve med utgangspunkt i realistiske forskingsspørsmål der det vert kravd kunnskapar og ferdigheiter frå sentrale tema i studiet. Oppgåva er innanfor geologi, og tema må veljast innan fagfelt der ein har rettleiingskompetanse og kapasitet ved instituttet. Arbeidet blir normalt utført i grupper, og kan bli knytt opp mot oppdrag og forskingsprosjekt som instituttet er engasjert i, eller i samarbeid med ekstern samarbeidspartner.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om sentrale tema og kan ta i bruk ny kunnskap innan sjølvvald del av fagområdet for geologi
  • kan samle inn og tolke data, samt presentere og diskutere resultata i ei skriftlig oppgåve
  • har evne til vitskapleg analyse og refleksjon, og veit kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid
  • kan gjennomføre innsamling av datamateriale og analysearbeid på ein kritisk og reflektert måte
  • kan presentere eit sjølvstendig arbeid både skriftleg og munnleg på ein systematisk og vitskapleg måte
  • kan søke fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i relevante fagdatabasar.
  • meistrer referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.
  • søke fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar.
  • meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige geologiske forskningsspørsmål.
  • Kan definere forskningsspørsmål og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte.
  • kan gje ei balansert framstilling av temaet.
  • Kan byggje opp og presentere ein fagleg oppgåve og kan formidle hovudtrekka i oppgåva på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i bachelorstudiet i geologi og geofare eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er normalt at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve. Ein kan ikkje vere meir enn 3 studentar i ei gruppe.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på samlingar.
  • Innlevering av innleiing og framdriftsplan
  • Munnleg presentasjon av oppgåve i grupper før innleveringsfriste

Alle aktivitetar må vere gjennomført innan gitte fristar

Vurderingsform

Bacheloroppgåve. Bokstavkarakter: A-F, der F svarer til ikkje bestått

Dersom bacheloroppgåva er skriven i ei gruppe gjeld reglane for gruppeeksamen og karakteren er lik for heile gruppa. Ved ikkje bestått eksamen kan gruppa levere forbedra versjon i påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel