Hopp til innhald

MF6-2001 Forbrukaråtferd i reiselivet

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Forbrukaråtferd er ein av dei viktigaste forskingsstraumane innan marknadsføring, og forståinga av forbrukaråtferd er i stor grad integrert i forsking på turisme og fritid. Kurset har som mål å gi ei forståing av grunnleggjande omgrep og teoriar for å forstå generell forbrukar- og turists åtferd ved hjelp av ei sosialpsykologisk tilnærming. Den komplekse samhandlinga mellom ulike faktorar er viktig for å forstå forbrukarane si åtferd, avgjerdsprosessen deira og forbruket deira. Dette kurset løftar fram ulike interne og eksterne faktorar, inkludert motivasjon, persepsjon, læring, personlegdom, haldningar, kultur og avgjerdsprosessar. I tillegg legg kurset vekt på omgrep og teoriar frå eit opplevingsperspektiv, med fokus på den symbolske, hedoniske og estetiske naturen ved forbruk som er knytt til fantasiar, kjensler og moro.

Emnet omhandlar følgjande tema:

  • Forbukaråtferdsteori og modellar
  • Forbrukaren som individ (behov, personlegdom og persepsjon)
  • Forbrukaråtferd i den individuelle marknaden vs. gruppemarknaden i reiselivet
  • Avgjerdsprosessar og kjøpsåtferd - faktorar som påverka etterspurnaden i reiselivet
  • Motivasjon, haldningar og overtydande kommunikasjon
  • Interkulturell kommunikasjon og kulturskilnader
  • Teknologi og forbrukaråtferd
  • Berekraft og etisk konsumentåtferd

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan/har studenten bygger opp:

Kunnskaper i:

  • Kjennskap til kulturskilnader og utfordringar knytt til interkulturell kommunikasjon.
  • Kjennskap til særtrekk ved forbrukaråtferd i den individuelle marknaden vs. gruppemarknaden i reiselivet.
  • Kunnskap om kva faktorar som påverkar etterspurnaden i reiselivet, og om særtrekk ved tilbod og etterspurnaden i reiselivet.

Ferdigheter:

  • Bruke teoriar og modellar for forbrukaråtferd, avgjerdsprosessar og kjøpsåtferd i marknadsføringa generelt.
  • Undersøkje faktorar som kan vera drivarar for åtferd og endringar i avgjerdsprosessar i ulike reiselivsmarknader.

Generale kompetanse å:

  • Forstå korleis bedrifter og organisasjonar i reiselivsnæringa kan imøtekoma kundane sine gjennom planlegging.
  • Forstå preferansar til kundar i reiselivet.
  • Forstå avgjersler som forbrukarane tek i val av reisemål.
  • Forstå korleis reiselivsnæringa kan bruke marknadsføringsmixen og formulere strategiar for å betre konkurransekrafta si.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA116 Marknadsføring

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og seminarer i klassen, diskusjonar om artiklar og problemløysing i grupper. Emnet legg opp til læring gjennom studentaktivitet, og arbeid med artiklar og problem gjennom casearbeid. I tillegg er det viktig med sjølvstudium, deltaking i undervisning og seminarer og arbeid i grupper mellom førelesingane. Førelesingane skal dekkje dei mest sentrale delane av emnet og skal vere ei støtte til det andre arbeidet som studentane skal leggje ned i dette emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskravet omfattar ei skriftlege oppgåve og éin munnleg presentasjon, begge i grupper på tinntil tre personar. Ein må bestå arbeidskravet for å kunne ta eksamen i emnet. Førespurnader om å levere arbeidskrava individuelt må godkjennast av fagansvarleg. Både innlevering og presentasjon skal vera på engelsk.

Vurderingsform

Skriftleg, individuell skuleeksamen, 5 timar.

Studentane må skriva eksamenoppgåva på engelsk.

Bokstavkarakter

Karakterskalaen er A-F, der F er stryk.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjent nettbasert ordbok kan brukast.

Meir om hjelpemiddel