Hopp til innhald

MGBEN141 Engelsk 1, emne 1 - Engelsk språk med fagdidaktikk

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Dette er emne 1 i faget Engelsk 1 for 1.-7. trinn i grunnskulelærarutdanninga (GLU). Engelsk 1 består av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Når emnet går som fag 4 er desse MGBEN141 Engelsk språk med fagdidaktikk og MGBEN241 Engelsk litteratur og kultur med fagdidaktikk.

Emneskildringane for Engelsk 1 bygger på reviderte Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1-7 (2024), og inngår i ei femårig grunnskulelærarutdanning med mastergrad. Emnet er ope for innreisande studentar.

Emnet gir ei innføring i engelsk språk og fagdidaktikk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp og korleis det vert brukt. Emnet har eit komparativt fokus, som vektlegg likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk. Utvikling av eigne språkferdigheiter og tekstkompetanse er òg sentralt.

Emnet omfattar engelskundervisning for heile barnetrinnet, og har spesiell vekt på begynnaropplæringa. Dette inkluderer fokus på grunnleggande ferdigheiter og kjennskap til læreplanverket, fleirspråklegheit, og det som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. I tillegg gir emnet innsikt i ulike metodar for engelskopplæringa i grunnskulen.

I faget inngår studietur til Det norske studiesenteret i York. Turen vert tilboden som ein del av undervisinga i emnet, men er ikkje obligatorisk. Det vert derfor tilbode eit alternativt opplegg for dei som ikkje reiser. Reiseutgifter, opphald og kursavgift vert betalt av studenten, men det kan søkast om noko støtte frå Lånekassen. Sjå https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om lydsystemet i engelsk, ordtilfanget og språkets grammatiske strukturar
  • har kunnskap om korleis barn lærer språk, med fokus på begynnaropplæringa
  • har kunnskap om tileigning av ordtilfang og strukturar i engelsk frå lyd- til tekstnivå
  • har kjennskap til fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet
  • har kunnskap om dei grunnleggande ferdigheitene, læreplanverket og læremiddel for engelskfaget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisera og forklara sentrale element i språkets grammatiske struktur og lydsystem
  • kan planlegga og leia varierte og differensierte læringsaktivitetar, inkludert vurderingspraksis, som fremjar djupnelæring, utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene og tileigning av engelsk
  • kan bruka fagkunnskap didaktisk og reflektert knytt til gjeldande læreplan for grunnskulen, og kritisk vurdera eiga undervising

Generell kompetanse

Studenten

  • har god kompetanse i engelsk
  • kan formidla relevant fagstoff og kommunisera på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • kan reflektera over eiga læring og undervisingspraksis, knytt til etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den faglege og personlege utviklinga til born og unge
  • kan arbeida sjølvstendig og saman med andre for å legga til rette for elevar si læring og utvikling
  • kan vedlikehalda og utvikla sin eigen språklege og didaktiske kompetanse
  • kan skriva akademiske tekstar på begynnarnivå

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet omfattar ei rekke strategiar for språklæring og arbeid med eit framandspråk. All undervising i faget føregår på engelsk, og språkøvingsaspektet står sentralt i studentane sitt arbeid.

Arbeidsmåtar i emnet vil vera oversiktsførelesingar kombinert med drøftingar av fagstoffet, par- og gruppearbeid, individuelt arbeid, praktiske oppgåver og skriftlege og munnlege presentasjonar. Studentane vil få erfaring med arbeidsmåtar som kan nyttast i grunnskulen. Studentane må ta aktivt del i læring og undervising, og det er forventa at studentar deltek i kollokviegrupper og på digitale læringsplattformer. Læringa i emnet forutset samhandling med andre studentar og faglærarar om sentrale utfordringar i faget, utvikling av munnlege og skriftlege ferdigheiter, og studentane sin didaktiske kompetanse. Det er derfor venta at studentane føl all undervising, deltek aktivt og er med å ta ansvar for læringsaktivitetane. Det som vert formidla i undervisinga reknast som pensum til eksamen, i tillegg til det som står på leselista. Ikkje alle delar av leselista vil bli gått gjennom, og studiet krev sjølvstendig arbeid.

Praksis er ein integrert del av studiet.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Levera og motta rettleiing på utkast av semesteroppgåva (individuell skriftleg oppgåve)
  • Kunnskapsprøve i språkemne
  • Minimum 70% frammøte i undervisinga

Det vert gitt oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane ved semesterstart. Studentane pliktar å orientere seg om og overhalda instruksjonane og innleveringsfristane. Instruksjonane for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil òg gje retningslinjer for bruk av kunstig intelligens (KI). Sjå elles retningslinjene til HVL om bruk av KI i læring og vurdering: Korleis bruke kunstig intelligens som student? - Høgskulen på Vestlandet.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Deleksamen:

  • Del 1: Individuell skriftleg eksamen i engelsk lingvistikk, 3 timar. Tel 40% av endeleg karakter
  • Del 2: Individuell skriftleg oppgåve om eit språkdidaktisk tema. Tel 60% av endeleg karakter.

Vurderingsspråk i emnet er engelsk.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast som ein ny eksamen. Det er mogleg å levera forbetra versjon av Del 2 med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast ei heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Ingen hjelpemiddel.

Del 2: Alle hjelpemiddel er tillatne. Det er ikkje lov å nytte generativ KI til å produsere tekst. For informasjon om bruk av KI i den skriftlege oppgåva, sjå Korleis bruke kunstig intelligens som student? - Høgskulen på Vestlandet og Retningslinjer om fusk - Høgskulen på Vestlandet. Det vert gitt retningslinjer i eksamensoppgåva.

Meir om hjelpemiddel