MGUSA501 Samfunnsfag 3, emne 1 - Samfunnsfagleg forsking og litteratur
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet er eit obligatorisk emne i mastergradsstudiet i samfunnsfagdidaktikk. Emnet gir studenten høve til å orientere seg breitt i eit forskingsfelt som grunnlag for å rette seg inn mot eit spesifikt tema for masterprosjektet.
Emnet gir studentane høve til å orientere seg mot eit fagleg og/eller didaktisk tema som kan vere relevant for mastergradsoppgåva deira. Det vil dessutan bli fokusert på sentrale vitskapsteoretiske tema og kva som kjenneteiknar samfunnsfaga som vitskaplege disiplinar. Vidare takast det opp korleis ein effektivt kan finne fram til forskingslitteratur via bibliotek og databasar.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har gode kunnskapar om vitskapsteoretiske omgrep, ulike forskingstradisjonar og forskingsetikk
- kan bruke ulike informasjonskjelder kritisk
- kan gjere greie for sentrale forskingsbidrag på eit sjølvvald forskingsfelt
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over betydinga av vitskapsteoretisk forståing for skulen og samfunnet
- kan plassere masterprosjektet sitt i forhold til utvalde samfunnsvitskaplege og humanistiske grunnlagsspørsmål (for samfunnsfagstudentar)
- kan plassere ein utvald tematikk i forhold til utvalde samfunnsvitskaplege og humanistiske grunnlagsspørsmål (for studentar i spesialpedagogikk og profesjonspedagogikk)
- kan presentere og diskutere fagstoffet munnleg og skriftleg
- kan finne fram til relevant forskingslitteratur via bibliotek og databasar
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og diskutere sentral litteratur innafor eit forskingsfelt
- kan plassere eige masterprosjekt/eiga oppgåve innan ein større forskingstradisjon
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
- MGUSA101/MGUSA102: Samfunnsfag 1, emne 1 - Innføring i samfunnsfag 1
- MGUSA201/MGUSA202: Samfunnsfag 1, emne 2 - Innføring i samfunnsfag 2
- MGUSA301/MGUSA302: Samfunnsfag 2, emne 1 - Fordjuping i samfunnsfag 1
- MGUSA401/MGUSA402: Samfunnsfag 2, emne 2 - Fordjuping i samfunnsfag 2
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning og læringsformer i emnet er ein kombinasjon av førelesingar, gruppediskusjonar, sjølvstudium, oppgåveskriving, framlegg i seminar og individuell rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking på opplegg i forskingsetikk.
- Innlevering av kort skisse med tema og forslag til litteratur for oppgåve om forskingslitteratur på eit sjølvvald emne.
- Deltaking i seminar: Studentane skal legge fram skriftleg utkast til oppgåva, og er opponent på innlegg til medstudentar.
- Ei skriftleg oppgåve om forskingslitteratur på eit sjølvvald emne.
Utfyllande retningsliner for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil bli delt ut ved semesterstart.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel