BRL112 Økonomi i oppstartsbedrifter
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Dette emnet gir ei analytisk og teoretisk tilnærming til sentrale økonomiske og finansielle problemstillingar innan entreprenørskap. Det tek for seg korleis økonomiske modellar, investeringsanalyse og finansiell strategi kan brukast i utvikling og styring av nye verksemder. Emnet føreset god forståing for økonomiske grunnprinsipp, og eignar seg best for studentar med teoretisk interesse og fagleg modenheit.
Studentane arbeider med avanserte problemstillingar knytt til forretningsmodellar, kapitalstruktur, finansieringskjelder og verdsetjing, og lærer å analysere korleis ulike avgjerder påverkar risiko, lønsemd og berekraft i oppstartsbedrifter. Emnet legg vekt på akademisk refleksjon og evna til å bruke teori i møte med reelle case og simulerte scenario.
Læringsutbytte
Kunnskap.
Studentane kjenner:
- føremålet med eit finansrekneskap
- føremålet med den finansielle delen av ein forretningsplan, pitch eller investorpresentasjon
- samanhengen mellom kostnader i ein utviklingsfase og inntekter i ein vekstfase
- økonomisk styring og planlegging gjennom oppstartsbedrifts sin "dødens dal" og tidlig livssyklus
Dugleikar
Studentane kan:
- konkretisere og budsjette ein forretningsidé til på eit nivå som skal være tilstrekkelig for presentasjon til verkemiddelapparatet, bankar og investorar
- forstå kva særeigne utfordringar som gjeld for usikre innovasjonsprosjekt og oppstartsbedrifter med høgare grad av risiko
- gjere vurderingar av andre forretningsmodellar, oppstartsbedrifter eller vekstcase frå perspektivet til ein tilbydar av oppstart-/vekstfinansiering
- utvise kritisk sans ved vurdering av tidligfasebedrifter og finansieringsaspekt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BRL112 er eit vidaregåande emne som byggjer på tidlegare kurs i bedriftsøkonomi og finans. Det krev forkunnskapar tilsvarande innføringskurs i økonomi og rekneskap, og passar best for studentar med særleg interesse for finansielle og strategiske aspekt ved entreprenørskap. Emnet eignar seg spesielt for studentar med analytiske evner og interesse for teoretisk modellering og økonomisk tenking.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga kombinerer førelesingar med casearbeid, gruppearbeid og sjølvstendig analyse. Det blir lagt vekt på aktiv bruk av faglitteratur og utvikling av akademiske skrive- og resonnementsevner.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt naudsynt arbeidskrav.
Vurderingsform
Skuleeksamen (4 timer)
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel