ENU803N Engelsk 2, emne 1 - Kommunikasjon i språk, tekst og kultur
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Engelsk 2 er sett saman av to emne på 15 studiepoeng. Dette er emne 1. Emneplanen for engelsk byggjer på Nasjonale retningslinjer for femårig grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 og gjeldande læreplanverk for engelsk, LK20.
Engelsk 2 byggjer på Engelsk 1 og gjev større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet. Det omfattar òg vidareutvikling av studentane sin eigen språkferdigheit og tekstkompetanse. Det gjev ei innføring i eit rikt og variert utval tekstar både til vidare personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Engelsk litteratur vert lesen i eit kulturelt og historisk perspektiv. Studiet gjev djupare kunnskapar om grammatisk og fonologisk struktur i det engelske språket, i tillegg til å fokusera på kva som kjenneteiknar elevar på mellom- og ungdomstrinnet og deira språkutvikling.
Emne 1 fokuserer på korleis ein nyttar engelsk til å kommunisere. Hovudtemaa i kurset er grunnleggjande ferdigheiter, kunnskap om ulike teksttypar, språkstrukturar og deira kommunikative funksjonar. Utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse i engelsk er òg framheva. Det vert oppmoda til kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæringa. I tillegg gjev kurset vidare innsikt i ei rekkje læringsfremjande aktivitetar, arbeidsmåtar og læringsressursar, inkludert digitale.
Studietur til Det norske studiesenteret i York er ein del av kurset og høyrer med i emne 2. Turen omfattar fem dagars undervisning ved studiesenteret. Deltakarane må sjølve dekkje utgifter til reise, opphald og kursavgift. Sjå: https://www.york.ac.uk/nsc/
Studieturen er ikkje obligatorisk, og studentar som ikkje deltek, får tilbod om eit alternativt opplegg.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har omfattande kunnskap om korleis born og ungdom lærer språk, inkludert språkmedvit og læringsstrategiar
- har god kunnskap om grammatisk og fonologisk struktur i engelsk, om tileigning av ordforråd og om kulturelle konvensjonar for skriftleg språkbruk
- har kunnskap om intonasjon og om kva rolle intonasjon spelar i kommunikasjon
- har kunnskap om samfunnsliv, historie og eit rikt utval kulturuttrykk i nokre engelsktalande land, mellom anna sentrale verk i engelskspråkleg litteraturtradisjon
- har god kunnskap om struktur og språklege verkemiddel i tekstar, inkludert multimodale tekstar
- kjenner til eit rikt utval songar, rim, litteratur, film og andre kulturelle uttrykk som kan brukast i undervisninga på mellom- og ungdomstrinnet
- har kunnskap om ulike måtar å arbeida med lese- og skriveprosessar på i ulike sjangrar
- har djupare innsikt i ulike læringsaktivitetar, arbeidsmåtar og læremiddel i engelskopplæringa, inkludert digitale ressursar, og kunnskap om ulike måtar å organisere opplæringa på
- kan vurdera kritisk eigen fagleg praksis i høve til gjeldande læreplan i engelsk for grunnskulen
Ferdigheiter
Studenten
- kan snakka og skriva engelsk sikkert og funksjonelt i ulike sjangrar og situasjonar
- kan munnleg og skriftleg analysera, tolka og samanlikna tekstar for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon
- kan velja ut og leggja til rette for arbeid med engelskspråklege tekstar for born og ungdom på ein variert, utfordrande og inspirerande måte, samt bruka eit presist og tilpassa omgrepsapparat i arbeidet med tekstane
- kan rettleia elevane i lese- og skriveprosessar, inkludert i produksjon av multimodale tekstar
- kan leggja til rette for elevane si utvikling av språkleg medvit og tileigning av læringsstrategiar i engelskfaget
- kan planleggja, organisera, gjennomføra og kritisk vurdera varierte og differensierte læringsaktivitetar, som fremjar djupnelæring, integrering av ulike språkferdigheiter, dei tverrfaglege temaa i engelskfaget og utviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene, inkludert digitale ferdigheiter
- kan vurdera kritisk eigen fagleg praksis i høve til gjeldande læreplan i engelsk for grunnskulen
Generell kompetanse
Studenten
- har høg engelskspråkleg kompetanse
- kan reflektera kritisk over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for personleg vekst og fagleg utvikling hos born og unge
- kan arbeida sjølvstendig og saman med andre for å identifisera, analysera og løysa problem knytt til engelskfaget
- kan vedlikehalda og utvikla eigen språkleg og didaktisk kompetanse og bidra til fagleg utvikling og nytenking
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er reint nettbasert. Det vert nytta digitale ressursar og ulike arbeidsmåtar for å leggje til rette for varierte og studentaktive læringsformer og refleksjon kring kva digitale omgjevnader har å seie for læring i engelskfaget. Undervisnings- og læringsformene omfattar førelesing, individuelt arbeid, gruppearbeid, drøftingar, samskriving, multimodal tekstproduksjon og formativ vurdering. Det sentrale elementet i undervisninga er vekentlege nettmøte med faglærar. Kvar undervisningsøkt er på to timar. Det vert lagt vekt på erfaringsdeling og studentane sin eigen klasseromspraksis.
All undervisning i faget er på engelsk, og øving i både munnleg og skriftleg engelsk er sentralt i studentane sitt arbeid med faget. Det som vert formidla i undervisninga, kan komma i tillegg til det som står på pensumlista, og vert rekna som pensum. Ikkje alle tekstane vert gjennomgått, og ein må rekne med ein del sjølvstudium.
Kontakt emneansvarleg dersom du har spørsmål om pensum og undervisning.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg for eksamen:
- Ei oppgåve i litteratur og kultur, med didaktikk
- Ei oppgåve i språkemne med didaktikk
Retningslinjer vert gjevne for kvar læringsaktivitet. Minst ein av læringsaktivitetane må vere knytt til bruk av digitale ressursar.
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal studenten ha skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar, vil få tilbod om eitt nytt forsøk. Leveringsfrist for nytt forsøk må vera i gjeldande semester.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 1 veke.
Eksamen skal skrivast på engelsk og skal dokumentere fagkunnskap, språkferdigheit, tekstkompetanse og evne til refleksjon over faglege tema. Eksamen er i to delar, ein språkdel og ein litteratur-/kulturdel. Delane har lik vekting. Begge delar må vera beståtte for å få karakter i emnet.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå: Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel