Barnehånd som skriver med blyant

Engelsk 2 | 5.-10. trinn | nettbasert

Etter- og vidareutdanning

Studietilbodet Engelsk 2, 5-10 (30 studiepoeng) gjev vidareutdanning i engelsk for lærarar. Studiet er i hovudsak for deg som undervisar på mellom- og ungdomstrinnet og som har 30 studiepoeng i engelsk frå tidlegare.

Engelsk 2 byggjer på Engelsk 1. Studiet har to emne, kvart på 15 studiepoeng, som byggjer på kvarandre. Emne 1  vert undervist i haustsemesteret og emne 2  i vårsemesteret. 

Du finn meir informasjon i emneplanane:

Kva lærer du?

  • Du får større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet.
  • Studiet omfattar òg vidareutvikling av språkferdigheit og tekstkompetanse, og gjev deg ei innføring i eit rikt og variert utval tekstar, både til vidare personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet.
  • Du får djupare kunnskapar om grammatisk og fonologisk struktur i det engelske språket.
  • Studiet fokuserer på kva som kjenneteiknar elevar på dei ulike trinna og deira språkutvikling.
  • Du lærer òg om temaa kommunikasjon, språkleg og kulturelt mangfald, vurdering og utvikling av digitale ferdigheiter i engelskfaget.

Praktisk informasjon

Undervisningsform og studietur

Studiet er nettbasert og har undervisning ein gong i veka. All undervisning er på engelsk.

Nettundervisninga består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Undervisninga kan være både synkron og asynkron. 

Me nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom til kommunikasjon med studentane.Du vil få tilgang til Canvas med meir informasjon før studiestart.

Praktisk erfaring frå yrket ditt vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på, oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

I studiet inngår tilbod om ei vekes tur til Det norske studiesenteret i York. Turen er ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk. Du må sjølv dekkje reiseutgifter, opphald og kursavgift. Dersom du ikkje kan delta, får du tilbod om eit alternativt opplegg. Sjå: https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/ 

 

 

Timeplan

Nettundervisning på torsdagar kl. 13.30–15.30.

 

Vurderingsform

  • Emne 1: Deleksamen – heimeeksamen og skriftleg kunnskapsprøve
  • Emne 2: Deleksamen – semesteroppgåve og munnleg kunnskapsprøve

Alle deleksamenar er nettbaserte. Informasjon om arbeidskrav finn du i kvar enkelt emneplan. 

Pensum

Pensumlista for haustsemesteret vert publisert på hvl.no 1. juli. 

 

To elevar i klasserommet

Ønsker du å styrke din kompetanse som lærer? Her er oversikten over Høgskulen på Vestlandet sine videreutdanninger innen ordningen «Kompetanse for kvalitet».