JU6-6000 Familie- og arverett
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Familieretten tek for seg rettsforholdet mellom ektefeller, både under ekteskapet og ved oppløysing av ekteskapet. Sentrale tema er økonomiske rettsverknader av å inngå ekteskap og deling av formuen ved separasjon og skilsmisse.
Arveretten handlar om kva som skal skje med ein person sin økonomiske formue etter at vedkommande er død. I arveretten står reglane om arv etter loven og arv etter testament sentralt, samt retten til å sitje i uskifta bu.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er tilrådd at studenten har teke examen fakultatum.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminarer, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i små grupper. Munnleg presentasjon av ei seminaroppgåve på seminar (gruppearbeid). Inntil tre skriftlege øvingsoppgåver (individuelt arbeid), inkludert innlevering av utkast til oppgåvesvar. Ein kan og måtte gje konstruktive kommentarar på andre studentar sine oppgåvesvar.
All obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen. Har ein ikke fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar, må ein gjennomføre samtlige obligatoriske læringsaktivitetar på nytt.
Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige dei to påfølgjande semestra.
Vurderingsform
4 timar skuleeksamen
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata pro i eksamensmodus, (med dei innarbeidingar som er tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter, rettspraksis frå Høyesterett og lagmansrettane, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), bokmål/nynorsk nettbasert ordbok og nettbasert kalkulator.
Meir om hjelpemiddel