Hopp til innhald

LUPEKI402 Idrett, kroppsøving og samfunn

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Idrett, kroppsøving og samfunn fokuserer på å gje studenten kunnskap og forståing om idrett og kroppsøving i eit breitt samfunnsvitskapleg perspektiv. Emnet tek føre seg relevante historiske, sosiologiske, kulturelle og pedagogiske perspektiv, og tematikkar som ungdom og idrett, idrett og kjønn samt skuggesider (spiseforstyrringar, seksuell trakassering, kroppspress m.m.) innan idrett og kroppsøving vil belysast. Emnet skal stimulere til kritisk refleksjon omkring skule og idrett.

Studenten skal òg tileigne seg inngåande kunnskap om eit sjølvvalt tema. I dette arbeidet skal studenten reflektere over og drøfte aktuelle problemstillingar innan idrett og/eller kroppsøving. Problemstillinga skal vere retta mot kroppsøving eller idrettsfag, og studenten skal sjølv utvikle problemstilling(ar) og gjennomføre sjølvstendige litteratursøk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om idrett og kroppsøving som sosiale og kulturelle fenomen
  • har inngående kunnskap om ulike kroppsideal og kroppssyn i samfunnet
  • har brei kunnskap om samfunnsvitskaplege perspektiv på kroppen i bevegelse

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for og drøfte idrettshistoriske, idrettssosiologiske og pedagogiske problemstillinger innen idrett og kroppsøving, skriftleg og munnleg
  • kan hente fram døme frå samfunnsdebatten og drøfte idrettens og kroppsøvingas utvikling, utfordringar og rolle i samfunnet
  • kan analysere og grunngje faglege problemstillingar og innhald, med utgangspunkt i valt tema
  • kan identifisere spesielle behov blant barn og unge, til dømes teikn på mobbing, seksuelle overgrep og vald

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere og diskutere faglege problemstillingar som gjeld idrett, kroppsøving og idrettsfag i skulen, både med aktørar i og utanfor skuleverket
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid innen kroppsøving og/eller idrettsfag og beherske fagområdet sine uttrykksformer
  • kan analysere og reflektere kritisk over forskingsbasert kunnskap relevant for idrett, skule og kroppsøving og idrettsfag i skulen

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

  • LUPEKI101 Danning og akademisk handverk
  • LUPEKI201 Fagdidaktiske perspektiv og praksisar
  • LUPEKI204 FoU-oppgåve: Den forskande lærar

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vekslar mellom førelesingar, seminar og studentaktive arbeidsmåtar (skriftleg og munnleg) med fokus på både teoretiske og praksisnære problemstillinger. Det blir mellom anna satt opp obligatoriske seminar der studenten skal presentere eit sjølvvalt tema. Sjølvvalt tema og sjølvvalt pensum til temaet skal vere godkjent av emneansvarleg. Digitale hjelpemiddel skal brukast i presentasjonen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Obligatorisk læringsaktivitet 1: idrettssosiologisk kafé. Studentane kan på eit høgt fagleg nivå kommunisere og diskutere faglege problemstillingar som gjeld idrett, kroppsøving og idrettsfag i skulen.
  • Obligatorisk læringsaktivitet 2: Individuell skriftleg oppgåve knytt til sjølvvalt tema der studenten kan analysere og reflektere kritisk over forskningsbasert kunnskap relevant for idrett, skule og/eller kroppsøving og idrettsfag i skulen. Læringsaktiviteten inneber følgjande:

    • innlevering av tema og problemstilling
    • innlevering av fyrsteutkast (emneansvarleg gir tilbakemelding på arbeidet - work in progress)
    • innlevering av ferdig oppgåve. Denne innleveringa dannar grunnlaget for presentasjonen i obligatorisk læringsaktivitet 3.
  • Obligatorisk læringsaktivitet 3: Presentasjon av sjølvvalt tema for medstudentar der studenten analyserer og reflekterer kritisk over forskingsbasert kunnskap relevant for idrett, skule og/eller kroppsøving og idrettsfag i skulen.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast to veke før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal studenten få skriftleg tilbakemelding om dette med grunngjeving og tilbod om å rette opp feil og manglar (éin gong). Dato for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan gitte fristar.

Nærare retningslinjer for obligatorisk læringsaktivitet blir gitt ved semesterstart.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 5 dagar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens ( KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel