Hopp til innhald

MGUPE101 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane god forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.

I dette emnet er det didaktiske møtet mellom elev, lærar og lærestoff sentralt. Kandidaten skal få kunnskap om den sosiale, faglege og personlege læringa og utviklinga til elevane, og innsikt i korleis ein legg til rette for gode læringsprosessar hjå elevane. Emnet er det første av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap, og er lagt til haustsemesteret første studieår. Tema i emnet:

  • Introduksjon til pedagogikk som fag og forskingsfelt nasjonalt og internasjonalt
  • Lærarrolla og klasseleiing
  • Didaktisk arbeid og vurderingsformer
  • Læring, motivasjon og utvikling
  • Observasjon som forskingsmetode

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skulen og læraren sitt mandat
  • har kunnskap om læring, motivasjon og born og unge si utvikling
  • har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp og varierte arbeids- og vurderingsformer for elevane
  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter
  • har kunnskap om klasseleiing og korleis læraren sin relasjonskompetanse kan bidra til økt læring for eleven
  • har kunnskap om korleis praktiske og estetiske læringsprosessar kan påverke trivsel og læring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre systematisk observasjon og analysere data frå observasjon
  • kan nytte forskings- og teoribasert kunnskap om læring, utvikling og klasseleiing
  • kan planlegge, analysere og vurdere ulike undervisningssituasjonar
  • kan anvende fagomgrep og grunngje sine didaktiske val i teori om læring, grunnleggande ferdigheiter og undervisning

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte forskings - og teoribasert kunnskap og gjere koplingar mellom teori og praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning varierer mellom forelesingar, seminar, individuelt arbeid og arbeid i grupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer og refleksjon knytta til det å skape samanheng mellom forskingsbasert og erfaringsbaserte kunnskapsformer som inngår i utdanninga. Dette kan omfatte både øvingar på høgskulen og utprøving i praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande krav må være godkjent for at studenten skal kunne meldast opp til eksamen:

  • Det er obligatorisk oppmøte i undervisning. Det er krav til 80 % oppmøte.
  • Studentane skal gjennomføra tre - 3 obligatoriske læringsaktivitetar gjennom semesteret. Desse skal vere skriftlege og/eller munnlege. Emneansvarleg fastsetter forma på læringsaktivitetane ved semesterstart. Ein av læringsaktivitetane skal knyttast til observasjon. Læringsaktivitetane skal være gjennomført til oppsett tid som blir satt i semesterplanen.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 6 timar

Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Spesifiserte hjelpemiddel.

Emneansvarleg vil spesifisere hjelpemiddel til eksamen ved semesterstart.

Meir om hjelpemiddel