NAB3040 Maritim Helse, Miljø og Sikkerheit
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Dette emnet gir studentane ei innføring i ulike aspekt ved helse, miljø og sikkerheit (HMS) om bord på skip og i reiarlag. Emnet legg vekt på korleis HMS-arbeidet fungerer som eit organisatorisk verkemiddel for forsvarleg drift av fartøy.
Viktige tema som blir dekte i emnet:
- Sikkerheits- og beredskapsleiing: Studentane skal få innsikt i prinsipp og praksisar for sikkerheitsstyring og beredskap i maritime miljø. Dei blir introduserte for dei organisatoriske rammene som påverkar sikkerheitsarbeidet om bord på skip og i reiarlag, inkludert lovpålagde krav til sikkerheitsstyringssystema i reiarlaga. Undervisninga dekkjer sentrale teoriar og forståingsmodellar innan organisatorisk sikkerheit, basert på forskrift om sikkerheitsstyringssystem for norske skip og flyttbare innretningar.
- Arbeidsmiljø: Modulen gir studentane kunnskap om kva for føresetnader som må vere til stades for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og sikre arbeidsforhold om bord på skip, slik at både fysisk og psykisk helse blir ivareteken. Modulen byggjer på Arbeidstilsynet sin arbeidsmiljømodell, og kjemiske, fysiske, biologiske, ergonomiske, psykososiale og organisatoriske forhold blir gjennomgått. Studentane får òg ei innføring i metodar for risikovurdering. Forskrift om arbeidsmiljø, sikkerheit og helse for dei som har arbeid om bord på skip (ASH-forskrifta) ligg til grunn for vurdering av om arbeidsmiljøet er i samsvar med lovkrava.
Ved slutten av emnet skal studentane ha ei heilskapleg forståing av dei regulatoriske krava og dei organisatoriske rammene som støttar helse, miljø og sikkerheit i den maritime industrien. Dei skal kunne vurdere og forbetre HMS-forhold for å sikre samsvar med gjeldande forskrifter og standardar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studentane:
- har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan fagområdet.
- har kunnskap om faktorar i arbeidsmiljøet og konsekvensar for arbeidstakarane si helse, trivsel og velferd dersom dei blir utsette for uheldige fysiske og psykiske belastningar.
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ein helsefremjande arbeidsplass.
- har kunnskap om ulike metodar for risikoanalyse.
- kjenner til ASH-forskrifta og forskrift om sikkerheitsstyringssystem for norske skip og flyttbare innretningar, og korleis krava i desse skal ivaretakast.
- har kunnskap om teoriar og forståingsmodellar knytt til organisatorisk sikkerheit og sikkerheitsleiing.
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet HMS.
- har kunnskap om fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
- kan oppdatere kunnskapen sin innan HMS-arbeid.
Ferdigheiter
Studentane:
- kan gjennomføre ei arbeidsmiljøkartlegging i tråd med krav i lov- og regelverk.
- kan planleggje og gjennomføre ein risikoanalyse og setje i verk ulike tiltak.
- kan bruke verktøy og metodar for systematisk sikkerheitsarbeid.
- kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske problemstillingar knytt til arbeidsmiljø og sikkerheit om bord og i reiarlag.
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
- kan reflektere over eigen fagleg praksis i eit HMS-perspektiv og justere denne under rettleiing.
Generell kompetanse
Studentane:
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar knytt til HMS-arbeid.
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan fagområdet og bidra til utvikling av god praksis.
- kjenner til innovasjon og utviklingstrekk innan HMS i den maritime næringa.
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoperasjonar der omsyn til HMS er vurdert, og bidra til utvikling av god HMS-praksis i reiarlaga.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminardag, gruppearbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk deltaking på seminardagar, som blir fastsett av emneansvarleg ved semesterstart.
- Tilleggsoppgåver eller -aktivitetar, som blir fastsett av emneansvarleg ved semesterstart for å sikre best mogleg samstemt undervisning, og dermed best mogleg utbytte av læringsmåla for studentane.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.
Eksamen kan gjennomførast digitalt.
Karaktersskala A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX og Casio fx-991CW. "Enkel kalkulator" er også tillaten (sjå: Hjelpemiddel ved eksamen).
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NAB2013 - Tryggleiksleiing - Reduksjon: 5 studiepoeng
- NABP3005 - Helse, arbeidsmiljø og sikkerheit - Reduksjon: 10 studiepoeng
- EVN1017 - Innføring i risikoforståing av kjemikalier om bord på skip - Reduksjon: 1,5 studiepoeng
- EVN1018 - Innføring i fysisk helserisiko i maritim næring - Reduksjon: 1,5 studiepoeng