PL433 Innføring i arealplanlegging
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Planlegging er verktøy for samfunnsendring, og skal bidra til berekraftig utvikling, samordning mellom forvaltningsnivå og avvegingar mellom bruk- og verneinteresser. Emnet gir ei innføring i arealplanlegging etter plan- og bygningslova, med vekt på å kunne forstå korleis ulike interesser vert avvega i planprosessar og korleis planar er verktøy for offentleg styring av arealbruk.
Innhaldet i emnet omfattar:
- Politiske målsettingar og lovgrunnlag for planlegginga
- Krav til innhald og prosess for kommuneplanen sin arealdel (KPA) og reguleringsplanar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om:
- plansystemet og arealplanlegginga si rolle som verktøy for samfunnsendring.
- korleis planar styrer arealbruk og set rammer for private tiltak
- krava til planinnhald, planprosessar og utgreiingar for ulike plannivå.
- sentrale problemstillingar i både kommunal og privat reguleringsplanlegging.
Ferdigheiter
Studenten skal:
- kunne avklare planstatus og forstå innhaldet i gjeldande planar, og kunne tolke korleis dette påverker bruken av ein eigedom eller eit område
- kunne forklare sentrale begrep innanfor emnet
- kunne finne kunnskapsgrunnlag og gjennomføre overordna analyser for å kunne lage faglege innspel til planprosessar.
- kunne forstå ROS-analyse og konsekvensutgreiingar på kommuneplannivå.
Generell kompetanse
Studenten skal:
- kunne lese eit kart for å forstå innhaldet i ein plan
- kunne delta i planprosessar.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen krav til forkunnskap
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og øvingsoppgåver
Obligatorisk læringsaktivitet
Gruppeoppgåve (med to til tre i gruppa). Studentane skal hente ut og tolke informasjon frå planar og planprosessar for eit sjølvvald studieområde og gjere enkle analyser.
Godkjent arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel