SAB310 Samfunnsarbeid
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om og ferdigheiter i samfunnsarbeid. Samfunnsarbeid byggjer på dialog og deltaking og er ein planlagd prosess for endringsarbeid saman med dei det gjeld. Fokus er retta mot korleis profesjonelle aktørar kan samhandle med ei gruppe, eit fellesskap eller eit lokalsamfunn som ynskjer å bruke eigne ressursar for å løyse problem, og å nå mål dei sjølv har sett seg.
Studentar kan velje å ta utvekslingsemne tilsvarande 15 studiepoeng som erstatning for dette emnet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- kan forklare korleis sosial ulikskap oppstår i ein samfunnsmessig samanheng, med vekt på korleis sosial klasse, utanforskap, marginalisering og diskriminering påverkar folkehelse og levekår.
- kan forklare samanhengar mellom levekår, bustadpolitikk, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering og deltaking.
- kan beskrive samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor knytt til samfunnsarbeid.
- kan gjere greie for sentral lovgiving innan plan- og folkehelseområdet.
- kan forklare korleis sosiale aksjonar og rørsler kan påverke politiske avgjerder.
- kan gjere greie for kunnskapsutviklinga innan samfunnsarbeid.
- kan beskrive metodikk innan samfunnsarbeid og vurdere fordelar og ulemper ved desse.
- kan beskrive utfordringar innan grønt sosialt arbeid og knytte dette til FN sine berekraftsmål.
Ferdigheiter: Studenten...
- Kan vurdere forsking, fagstoff og erfaringsbasert kunnskap i samfunnsarbeid.
- Kan anvende ulike deltakerdemokratiske metoder som fremmer deltakelse, fellesskap og medborgerskap blant ulike målgrupper, deriblant ungdom, voksne og eldre.
- Kan starte opp og gjennomføre prosjektarbeid i ei gruppe.
Generell kompetanse: Studenten...
- Kan forklare og drøfte samfunnsmessige maktstrukturar i samfunnet.
- Kan formidle forhold som medverkar til å fremje sosial rettferd, inkludering og medbestemming.
- Har innsikt i etiske problemstillingar og kan handtere etiske dilemma innan samfunnsarbeid.
Krav til forkunnskapar
Alle emne i første studieår, og det tredje semester i andre studieår (SAB210, SAB220) må vere greidd.
Tilrådde forkunnskapar
SAB250 Sosialt arbeid med barn og familiar og SABV260 Socio-cultural diversity and inequalities in social work.
Undervisnings- og læringsformer
I dette emnet vert studentaktive læringsformer vektlagd, til dømes gruppearbeid, praktiske øvingar og work-shops, framlegging av prosjektsøknad og opponentskap. Andre læringsformer er førelesingar og ekskursjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking på studentstyrte seminar og workshops med tilhøyrande undervising (krav om 80% oppmøte).
- Deltaking på ekskursjon med tilhøyrande arbeid (krav om 80% oppmøte).
- Utarbeiding av prosjektsøknad: Kvar einskild gruppe utarbeider ein skriftleg prosjektsøknad (krav om 80% oppmøte på prosjektarbeidsdagane og i gruppearbeidet).
- Kvar einskild gruppe presenterer sitt prosjekt og sin søknad for klassen og gir tilbakemelding til ei anna gruppe på deira presentasjon. Kvar einskild student må ta del i gruppepresentasjonen skriftleg og munnleg.
Vurderingsform
Skriftleg gruppeeksamen i form av ein prosjektsøknad.
Omfang: 5000 ord +/- 10%.
Tid for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala. A til E er greidd. F er ikkje greidd.
Ny eksamen Greidd gruppeeksamen kan ikkje forbetras, jamfør § 11-17 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Dersom oppgåva ikkje er greidd, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SOS5-204 - Sosialt arbeid - normalitet og avvik - Reduksjon: 15 studiepoeng
- BSO212 - Samfunnsarbeid med fokus på barn og unge - Reduksjon: 15 studiepoeng