SDG239 Filosofi, politikk og økonomi
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet utforskar samanhengen mellom filosofi, politikk og økonomi, og gjev studentane ei heilskapleg forståing av korleis desse disiplinane påverkar avgjerdsprosessar i samfunnet og næringslivet. I ei tid der etiske omsyn, politiske prosessar og økonomiske teoriar i aukande grad former bedrifter og næringsliv, vil studentane dra nytte av ei grunnleggande undersøking av desse felta. Kurset gjev evne til kritisk tenking om komplekse sosiale og økonomiske spørsmål, og gjev studentane ressursar til å navigere i moralske og praktiske utfordringar dei kan møte på i arbeidslivet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter å ha fullført emnet, skal studentane ha tilegnet seg:
- Omfattande forståing av filosofiske teoriar som er relevante for økonomi, politikk, næringsliv og leiing.
- Innsikt i sentrale filosofiske, etiske og politiske diskusjonar knytt til økonomiske spørsmål.
Ferdigheiter
- Evne til filosofisk tenking og til å forstå og analysera komplekse idear innafor økonomi, filosofi og politikk.
- Evne til avansert omgrepsanalyse.
- Ferdigheiter i normativ tenking og argumentasjon samt evne til å formulere og forsvare etiske posisjonar i økonomiske samanhengar.
Generell kompetanse
- Kritisk og analytisk tenking: Evne til å analysere og vurdere argument og å tilnærma seg komplekse problem på ein logisk og samanhengande måte.
- Ferdigheiter til problemløysing: Evne til å analysere økonomiske teoriar og modeller, og anvende kritisk tenking på verkelege økonomiske og politiske utfordringar.
- Tverrfagleg forståing: Forståing for samspelet mellom filosofi, politikk og økonomi, og som fremmer ei meir heilskapleg forståing av samfunnsmessige spørsmål.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar og seminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Munnleg presentasjon og oppgåve i gruppe
Vurderingsform
5 timers skriftleg eksamen
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel