SYKH110 Danning og akademisk handverk
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til berekraftig utvikling for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.
Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).
Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.
Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.
Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.
Emnet er eit fellesemne for alle bachelorstudia ved HVL og vert gjennomført første semester.
Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.
Læringsutbytte
Felles del 5sp
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt.
- har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid.
- har kunnskap om etikk og berekraft.
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt, samt trekke inn etiske problemstillingar knytt til desse.
- kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
- kan anvende fagleg kunnskap i fagleg tekst som tilfredsstiller akademiske krav.
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe.
- kan utveksle og diskutere faglege synspunkt og vere kritisk til eige fagområde og vitskapen generelt.
Læringsutbytte fagspesifikk del
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i sjukepleiaren sine yrkesetiske retningslinjer
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta studentaktive læringsformer, og ein nyttar digitale ressursar i emnet.
Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet.
- Individuelt skriftleg arbeid der studenten skal skrive ein akademisk tekst knytt til eigen profesjon eller eige fagområde, inntil 500 ord.
- Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
- Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft og/eller refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.
Vurderingsform
Skriftleg semesteroppgåve i gruppe, lengde 1500 ord +/- 10%.
Alle i gruppa skal bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat har bidratt tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt, skal dette dokumenterast frå alle gruppemedlemmane og emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal regnast for ikkje å ha møtt under eksamen. Studenten må då levere ei ny oppgåve til ny eksamen. Jf. forskrifta: § 11-17 Gruppeeksamen
Vurderingsuttrykk: Bestått /ikkje bestått.
Ny eksamen: Dersom eksamen ikkje er bestått, er det mogeleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BSS1AB - Introduksjon til sjukepleie - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- BSS2B2 - Fagforståing for sjukepleie i sjukeheim - Reduksjon: 1,5 studiepoeng
- BSSV1 - Samfunnsvitskaplege perspektiv på grunnleggjande sjukepleie - Reduksjon: 1 studiepoeng
- BSS4 - A clinical approach using evidence-based nursing and critical thinking - Reduksjon: 1,5 studiepoeng
- SK155 - Etikk, Jus og Psykologi - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- SK151 - Prosjektplan til prosjektarbeid i helsefremjande og førebyggjande arbeid - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SYKHB1021 - Sjukepleie ved grunnleggende behov - Reduksjon: 1,5 studiepoeng
- SYKSB1021 - Sjukepleie ved grunnleggende behov - Reduksjon: 1,5 studiepoeng
- SYKHB2041 - Sjukepleie og samfunnsvitskaplege fag 1 - Reduksjon: 6 studiepoeng
- SYKSB2041 - Sjukepleie og samfunnsvitenskapelege fag 1 - Reduksjon: 6 studiepoeng
- NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SOS110 - Danning og akademisk handverk - Sosiologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SA597 - Danning og akademisk handverk - historie - Reduksjon: 5 studiepoeng