Hopp til innhald

ING3043 Brannteknisk funksjonsbasert design

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje ei innføring i dokumentasjon av brannsikkerheit ved fråvik frå rettleiing til byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven og inneheld følgjande:

  • Metodar for dokumentasjon av fråvik frå rettleiing til byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven,
  • Dokumentasjon av brannsikkerheit i eksisterande bygningar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • kan gjere reie for sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan branningeniørens fagområde.
  • kan oppdatere kunnskapen sin innan for fagområdet.
  • kan dokumentere brannsikkerheit i samsvar med funksjonsbaserte krav skildra i byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven.
  • kan skildre analyse- og beregningsmetodar og korleis desse kan nyttast for å dokumentere eit tilfredsstillande sikkerheitsnivå.
  • har oversikt over gjeldande regelverk.
  • kan dokumentere brannsikkerheit i eksisterande bygg

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan nytte gjeldande regelverk innan fagområdet.
  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forsking og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val.
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling.
  • kan identifisere, planleggje og gjennomføre prosjekt og arbeidsoppgaver.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan formidle kunnskapen sin skriftleg og munnleg til ulike målgrupper.
  • kan bidra til å synleggjera følgjer og konsekvensar av ulike branntekniske løysingar.
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving, òg i team og tverrfaglige grupper.
  • kan medverka i faglege diskusjonar innan eige område og kunne dele sine kunnskapar røynsler med andre.

Krav til forkunnskapar

Metodikk for rømmingsanalyse, som inngår i mappeeksamen, blir undervist i ING3049 brannteknisk simulering. Det blir føresett at ING3049 blir samtidig gjennomført eller i forkant av emnet. I tillegg må følgjande fag gjennomførast i forkant av emnet:

  • ING2046 Brannteknisk design av bygg
  • ING2045 Aktive og passive brannsikringssystemer

Dette inneber òg følgjande:

  • Obligatorisk læringsaktivitet for ING2045 Aktive og passive brannsikringssystemer må vera gjennomført og bestått.
  • Mappeeksamen for ING2046 Brannteknisk design må vera gjennomført og bestått.

Tilrådde forkunnskapar

Sjå krav til forkunnskaper.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, sjølvstudium og prosjektarbeid som inneheld både individuelle oppgåver og gruppeoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ein obligatorisk innlevering enten i form av:

  • eit resymé av tildelt brannteknisk granskingsrapport, eller
  • ei brannteknisk tilstandsvurdering innafor eit begrensa tema

Arbeidet kan gjennomførast i grupper eller individuelt. Oppgåveform blir bestemt av faglærar.

Vurderingsform

Del 1: Mappe, tel 30 % av endeleg karakter.

Ved ikkje bestått, kan forbedra versjon av mappe berre leverast i semester med undervisning i emne.

Del 2: Muntleg eksamen, 30 min, teller 70 % av endeleg karakter.

Begge delene må vera bestått.

Gradert karakter A - E / F (stryk).

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Alle fysiske trykte og skrivne hjelpemiddel.

Del 2: Ingen hjelpemidlar.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • INGB079 - Brannteknisk prosjektering - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING3013 - Brannteknisk prosjektering - funksjonsbaserte løsninger - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING3020 - Brannteknisk prosjektering - funksjonsbaserte løysningar - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • INGB-068 - Brannteknisk prosjektering - Reduksjon: 10 studiepoeng