Hopp til innhald

HI104 Historie etter 1930. Innføring i norsk og internasjonal historie

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gir studentane eit samanhengande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 1930 til tida etter årtusenskiftet. Særleg vekt blir lagt på motsetnader mellom demokratiske styresett og totalitære ideologiar som fascisme og kommunisme. Viktig er også dei langsiktige skifta mellom plan og marknad innafor økonomisk styring, og dei internasjonale statssystema gjennom Andre verdskrigen og den kalde krigen. Emnet tek vidare for seg norsk industrialisering og avindustrialisering, framveksten av ein velferdsstat og eit forbrukarsamfunn, oljeverksemda og dei sosiale, kulturelle og miljømessige endringane som følgde med.

Læringsutbytte

 

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

 

Studenten....

  • har brei realhistorisk kunnskap om utviklinga i Noreg, Europa og verda elles etter 1930
  • har kjennskap til ulike faglege perspektiv på perioden si historie
  • kan gjere greie for sentrale hendingar i perioden, som t.d. Andre verdskrigen
  • kan gjere greie for utviklinga innan teknologi, industri og økonomi, frå Fordisme via atomvåpen og romfart til digitalisering
  • kan drøfte utviklinga og betydninga av ulike ideologiar, som liberalisme, sosialdemokrati, kommunisme, og fascisme
  • kan drøfte utviklinga av demokratiet i Noreg og verda elles, og avkoloniseringa i Afrika og Asia
  • kan drøfte utviklinga av moderne velferdsstatar og europeisk integrasjon i tida etter andre verdskrigen
  • kan drøfte den nyliberale vendinga i Noreg og andre land etter 1980 i lys av veksten i internasjonal handel og investeringar
  • kan drøfte framveksten og verknadene av det moderne forbrukarsamfunnet
  • kan reflektere over moderne krig og folkemord

 

Ferdigheiter

 

Studenten ....

 

  • kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
  • kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historie
  • kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare sentrale hendingar og utviklingstrekk i det 20. hundreåret
  • kan anvende historiske kunnskap til å forstå verda i dag

Generell kompetanse

 

Studenten ...

  • kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan formidle sentralt historisk fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Studenten skal skrive ei oppgåve med tilbod om rettleiing.

 

2) Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

 

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Heimeeksamen, individuell (5 timar).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA602 - Historie etter 1914: Frå verdskrigar til verdsvev - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • SA504 - Nasjonalisme, imperialisme & demokratisering. Verda frå 1800-1991 - Reduksjon: 10 studiepoeng