Hopp til innhald

BAMM1001 Maritim IT

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet tar for seg:

  1. Maritime IT-system
  2. Introduksjon til cybersikkerheit
  3. Cyberrisiko-styring
  4. Introduksjon til automatisering, autonomi, ny utvikling og trendar
  5. Menneskesentrert design, evaluering av brukervennlegheit og leveranse av input
  6. Rammer og regelverk, samt leiing og administrasjon knytt til maritim IT
  7. Framtidige direktiv innan maritim IT

Læringsutbytte

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om IT-baserte standardsystem om bord, inkludert miljøkrav
  • kan gjenkjenne og forstå vanlege IT-system om bord og bruken av desse (OT og IKT)
  • forstår hensikten med vanlege IT-system om bord (som nettverk, ruterar, brannmur, identitets-, fil- og e-postservarar)
  • er bevisst på at det finst ulike måtar å oppnå brukavennlegheit på
  • viser ei klar forståing for vanlege sikkerheitsprinsipp og korleis ein kan unngå angrep og sikkerheitsutfordringar
  • er bevisst på fordeler og ulemper med gradar av automatisering
  • kjenner til nye trendar som IoT, big data, smart ships, block chain
  • forstår den avgjerande rolla selskapa sine policyar og standardar har i møte med regelverkskrav

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan identifisere standardsystem om bord (OT og generisk IKT)
  • evnar å utføre grunnleggjande brukervennlegheitsvurderingar
  • evnar å foreta grunnleggjande trusselanalyse
  • evner å utføre grunnleggjande risikoanalyse
  • kan utforme risikoreduserande prosedyrer som svar på risikoanalyseresultat

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan diskutere risikostyring og korleis ein kan integrere problemstillingar relatert til maritim IT i ISM-systemet
  • kan gi innspill og tilbakemelding om oppdateringar, ettermontering av utstyr og prosjektering av nybygg
  • kan vere med på å gjennomføre ein risikoanalyse og risikoreduseringsprosess
  • kan lokalisere og forhalde seg til regelverk og standardar relevante for maritim IT-sikkerhet
  • kjenner til nye trendar og innovasjonsprosessar i maritim IT-teknologi

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet er del av ein spesielt tilrettelagt overgangsordning frå 2-årig maritim teknisk fagskule til bachelor. Innhald og oppbygning er basert på denne føresetnaden, samt ønskemål frå representantar frå maritim industri.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga er digital og samlingsbasert med forelesningar (inkl. industri gjesteforelesar), team basert læring og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ein presentasjon.

Vurderingsform

Semesteroppgåve som må skrivast på engelsk.

Karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne. Du finn meir informasjon her: Hjelpemiddel ved eksamen - Høgskulen på Vestlandet

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • EVN1006 - Maritime IT-system og sikkerheit - Reduksjon: 7,5 studiepoeng