Hopp til innhald

FYS110 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhold og oppbygning

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til utdanning og berekraft for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.

Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar og fagleg tilsette. Innføringsemnet har ein felles del (for alle utdanningane ved HVL) som utgjer 5 studiepoeng og ein spesifikk profesjonsretta utdanningsdel på 2,5 studiepoeng. Fellesdelen og utdanningsdelen i emnet utgjer ei integrert eining i undervisninga.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten

  • kjenner til hovudlinjene i diskusjonen om berekraftig utvikling i det globale samfunnet
  • har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
  • har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og om forholdet mellom teori og praksis i eigen profesjon eller i eige fagområde
  • har kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid
  • har kunnskap om etikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt
  • kan identifisere og reflektere over sentrale etiske problemstillingar og dilemma
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
  • kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe
  • kan formidle sentralt fagstoff og diskusjonar om berekraft og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.

Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet:

  • Individuelt refleksjonsnotat knytt til berekraft og eigen profesjon eller eige fagområde (lengde på notatet må definerast av studieprogramansvarleg i tråd med emneomfang).
  • Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
  • Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.

Ved fråver frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld same reglar som for fråver i praksis jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1500 ord +/- 10%

Vurderingsuttrykk: Bestått eller greidd/ikkje bestått eller ikkje greidd

Ny eksamen: Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt.

For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Mer om hjelpemidler

Faglig overlapping

  • NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BIO101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SOS110 - Danning og akademisk handverk - Sosiologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA597 - Danning og akademisk handverk - historie - Reduksjon: 5 studiepoeng