Hopp til innhald

IDF350 Forskningsmetode og bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld vitskapsteori, forskingsmetode og oppgåveskriving. Emnet startar med å gje studenten ei innføring i prosessen bak eit vitskapeleg arbeid, før studenten sjølv skal gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ei skriftleg oppgåve. Studentane vel tema og problemstilling for oppgåva i dialog med tildelt vegleiar. Emnet og oppgåva har fokus på at studentane skal læra meir om forskningsmetodar for å kunne svare ut ein problemstilling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar
  • har kunnskap om metodar for å gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • kan kritisk vurdere vitskapleg litteratur som er relevant for ei problemstilling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • kan finne, vurdera og henvise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • kan behandle, analysere og tolke data

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre varierte oppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, aleine eller som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar, metodar og løysingar både skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Fullført 90 studiepoeng frå bachelor idrett, trening og helse, bachelor friluftsliv eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

IDF100 Danning og akademisk handverk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, workshop, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Bacheloroppgåve der primært to studentar arbeidar saman i gruppe.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Skriftlege metodearbeid for å synliggjøre brei kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar.
  • Prosjektskisse
  • Minimum to rettleiingsmøter
  • Presentasjon og deltaking på Work in Progress (WIP)-seminar

Ved ikkje bestått obligatorisk læringsaktivitet har studenten eit nytt forsøk.

Obligatoriske læringsaktivitet er knytta opp mot læringamål for å vise at ein kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid og kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg.

Vurderingsform

Skriftleg bacheloroppgåve, gruppeoppgåve med mindre det er innvilga å skrive oppgåve åleine.

Omfang på oppgåva vil variera ut i fra problemstilling og metodevalg.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Studentar som får karakteren F på bacheloroppgåva, kan levere forbetra versjon av same oppgåva i løpet av påfølgjande semester. Dersom studenten får karakteren F også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling.

Ved ny eksamen har studentane kun rett på 1 time rettleiing.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel