Hopp til innhald

ING162 Mekanikk for ingeniørar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar grunnleggande tema frå mekanikk innan fagfeltet fysikk. Dette skal bidra til eit naturvitskapleg fundament for ingeniørutdanninga og for framtidig yrkesliv. Emnet skal gi studenten forståing for grunnleggande fysiske prinsipp.

Innhald:

  • Translatorisk rørsle: forflytning, fart og akselerasjon.
  • Krefter: Newton sine lover og bruk av desse
  • Arbeid, energi og energibevaring
  • Kraftimpuls, rørslemengd og bevaringslover for rørslemengd
  • Rotasjon: angulær kinematikk, tregleiksmoment, kraftmoment, angulært moment og bevaringslover for angulært moment

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • forstår og kan greie ut om grunnleggande prinsipp og omgrep i mekanikk, og kan knytte relevans opp mot ingeniørfag
  • forstår og kan greie ut om grunnleggande fysiske fenomen
  • har eit relevant omgreps- og formelapparat

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fysiske prinsipp i mekanikk innan eige fagfelt
  • kan analysere fysiske problemstillingar, velgje riktig løysingsstrategi, samt vurdere svara etter løysing
  • kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ingeniørfaglege prosjekt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle fysiske tankemåtar og metodar, problemstillingar og løysingar både munnleg og skriftleg
  • kan kommunisere med andre fagpersonar ved hjelp av fysisk fagterminologi

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT110

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneøvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre innleveringar må vere godkjende.

Godkjende innleveringar er gyldige i tre etterfølgande semester.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 3 timar. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lærebok og enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel