Hopp til innhald

JU6-3000 Erstatningsrett

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet tek sikte på å gje studentane grunnleggande og god forståing for dei sentrale vilkåra for erstatning utanfor kontraktstilhøve. Dei fleste vilkåra for erstatningsplikt er utforma i rettspraksis, og byggjer difor på ulovfesta rett. I tillegg har skadeerstatningsloven av 13. juni 1969 nokre føresegner om utmåling og reduksjon av erstatningskrav. Tyngdepunktet i emnet er grunnvilkåret om ansvarsgrunnlag. Emnet handlar om korleis ein løyser erstatningsrettslege spørsmål i ulike roller i det praktiske rettsliv.

Kjerneområdet for emnet er personskade. Reglane om erstatning tek utgangspunkt i at skaden blir der den råkar. Unnatak finn ein der det er rettsleg grunnlag for at andre skal erstatte skaden, og ansvarsgrunnlaga gjev retningsliner for når den som valdar skade skal bære eit tap i staden for den som lir skade.

I emnet vert også dei to andre vilkåra for erstatning handsama; årsakssamanheng og erstatningsmessig relevant skade. I grunnvilkåret om årsakssamanheng er det eit krav om faktisk årsakssamanheng mellom det tilhøvet som gjev grunnlag for ansvar og skaden. Den som valdar skade vert berre ansvarleg viss den konkrete årsaksfaktoren er ein så vesentleg årsak til skaden at det er rimeleg å knyte ansvar til den. Ansvaret fell bort om skadefølgja ikkje er pårekneleg og/eller fjern og avleidd. Erstatningsretten vert som mange andre fag utsett for internasjonal og overnasjonal påverknad. Det vert gjeve ei kort, generell oversikt over EU-retten og EMK-retten sin verknad for erstatningsretten.

Studentane vil under kurset kunne byggje innsikta dei har fått i metode i tidlegare emne. Grunnleggande kunnskapar om ansvarsgrunnlag, årsakssamanheng og særleg skyldansvaret i erstatningsretten, er verdifullt utgangspunkt for emne som ein får seinare studiet som strafferett og obligasjonsrett.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten:

  • skal ha kunnskapar om grunnleggande reglar og samanhengar i erstatningsretten,
  • kan gjere greie for viktige erstatningsrettslege omgrep,
  • har forståing for og detaljerte kunnskapar innanfor emna erstatningsrettsleg relevant skade, ansvarsgrunnlag, årsakssamanheng, verknaden av den som har lidt skade sitt tilhøve (som til dømes den som lir skade sin medverknad) og lemping,
  • har ei forståing for og slike kunnskapar om andre emne innanfor lærestoffet som gjer at ein faktisk kan nytte reglar om; utmåling, pasientskadeerstatning, erstatning for brot på menneskerettar, tilhøvet mellom erstatning og trygde- og forsikringsdekning,
  • har kunnskapar om korleis ein kan løyse personskadekrav i praksis.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne fram til, identifisere, systematisere og formulere erstatningsrettslege argument så vel munnleg som skriftleg.
  • kan resonnere seg fram til eit sjølvstendig standpunkt som er fagleg forsvarleg gjennom aktiv bruk av rettskjelder, og særleg drøfte og vekte ulike høgsterettsdommar sin prejudikatsverknad og generelle overføringsverdi til nye sakstilhøve,
  • kan arbeide i gruppe med andre og ta del i ein akademisk diskusjon av praktiske erstatningsrettslege problemstillingar med teoretiske implikasjonar, som å kommentere og evaluere andre studentar sine juridiske analyser og sjølv ta i mot og gjere bruk av slike kommentarar,
  • bruke faktum om en skadehendig til å gje råd om erstatningsrett til ein som har lidt skade,
  • kan drøfte erstatningsrettslege spørsmål i et rettspolitisk perspektiv.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte juridiske spørsmål der avgjerda i stor grad kviler på argument frå rettspraksis og ulovfesta reglar, og ha ein metodisk forståing for dei særlege argumentasjonsmåtar som desse rettskjeldene krev,
  • kan drøfte og argumentere på ein måte som framhevar og tek stilling til internasjonale rettskjelder sin verknad på rettsområdet,
  • har oversyn over og forståing for variantar av rettsleg samspel mellom generelle lovfesta og ulovfesta reglar og spesialreglar,
  • har oversyn over tilhøvet mellom dei formelle reglane og korleis et rettsfelt verkar i praksis,
  • har oversikt over særtrekk ved den norske rettskulturen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

JU5-100 Examen facultatum, JU6-6000 Arve- og familierett

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, seminar, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver, framlegging av oppgåver på seminar og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i små grupper. Munnleg presentasjon av ei seminaroppgåve på seminar (gruppearbeid) og/eller prosedyre. Inntil tre skriftlege øvingsoppgåver (individuelt arbeid), inkludert innlevering av utkast til oppgåvesvar. Ein kan også måtte gi konstruktive kommentarar på andre studentar sitt utkast til oppgåvesvar.

Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjendt før ein kan framstille seg til eksamen. Har ein ikkje gått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar, må ein gjennomføre alle obligatoriske læringsaktivteter på nytt.

Eit arbeidskrav er gyldig dei to følgjande semestera.

Vurderingsform

4 timer skuleeksamen. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovdata pro i eksamensmodus, (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillet, og med tilgang på alle lover, førarbeid, forskrifter, rettspraksis frå Høgsterett og lagmansrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder). Bokmål/nynorsk ordliste. Emneansvarleg kan gjere unnatak eller endringar i kva hjelpemiddel som er tillete.

Meir om hjelpemiddel